Kira er kvalifisert til landsmønstringa i Bodø

Kira Lokøy Jensen overbeviste juryen i fylkesmønstringa i UKM på Askøy.

Helga 19. - 21. april gjekk UKM fylkesfestival for Vestland av stabelen. Til saman deltok 400 ungdomar på to parallelle arrangement, på Askøy og i Førde.

Av dei 170 ungdomane som deltok på Askøy var det 17 ungdomar som representerte Øygarden kommune, og eit fleirtal av desse har bakgrunn frå Øygarden kulturskule.

Representantar frå Øygarden

Øygarden var representert med kunstverk av Aureja Jasulaityte, Mateusz Bartkowski, Amalie Mathiassen og Anne Helen Wilhelmsen, ei teatergruppe med stykket Roller og boller, og musikk både med bandet The Natural Disasters og soloinnslag med Nicolai Einarsen og Kira Jensen. Alle deltakarane leverte solide innslag og representerte Øygarden på ein framifrå måte.

Kira Jensen, som framførte songen “Defying Gravity”, blei i etterkant vald ut til å representere fylket på landsfestivalen i Bodø i slutten av juni. Kira har vore elev i kulturskulen i mange år og har opptredd på ei rekke arrangement både i regi av kulturskulen og andre.

Kira Lokøy Jensen - Klikk for stort bileteKira Lokøy Jensen Elise Duus

Fotogalleri

Det var 170 deltakarar på UKM fylkesfestivalen - Klikk for stort bilete
Publikum på UKM fylkesfestivalen - Klikk for stort bilete
Teatergruppe med stykket: Roller og boller - Klikk for stort bilete
Nicolai Einarsen - Klikk for stort bilete
Nicolai Einarsen - Klikk for stort bilete
The Natural Disasters - Klikk for stort bilete
Wiktoria i The Natural Disasters - Klikk for stort bilete