Onsdag 28. mai fekk elevar på visuelle kunstfag i kulturskulen besøk av gatekunstnar Rodrigo Lisboa. Elevane fekk introduksjon til streetart/gatekunst, dei fekk lære seg sprayteknikk og prøve seg på sjablong-graffiti. Resultatet blei eit flott kunstverk som de kan sjå ved inngangspartiet neste gong de kjem til kulturskulen på Liljevatnet.
Rodrigo Lisboa er opphavleg frå Brasil, men har budd i Noreg i mange år. Han har lang erfaring med å turnere i heile landet gjennom Den kulturelle skulesekken og andre oppdragsgjevarar.