De unges Festspillforestilling i Peer Gynt salen, Grieghallen 28. mai

I samarbeid med Festspillene i Bergen har prosjektgruppa De Unges Festspilldag gleda av å invitere alle kulturskular i Vestland fylke til De Unges Festspillforestilling 2024.

Kollage av unge artister - Klikk for stort bilete

I kulturskulane i Vestland finst mange talent og vi oppmodar alle kulturskular om å sende opptak av kandidatar de ønsker med på festforestillinga. For å produsere ein spennande og variert forestilling vil vi ha innslag frå fagområda– musikk, dans og teater.

Prosjektgruppa for De unges festspilldag velgjer ut kandidater til forestillinga utifrå nivå, breidde, variasjon, og alltid med kvalitet som hovudvilkår.

Dei som vert valde ut til å være med på festforestillinga, må sette av måndag 27. mai (kveld) og heile dagen tysdag 28. mai til prøver i Peer Gynt sal i Grieghallen.

Frist onsdag 14 februar. Ønsker du å delta? Snakk med din lærar om påmelding.

  • Etter personvernreglene (GDPR) må alle levere opptak på minnepinne.
  • Sjekk at minnepinnen virker på pc før de levere/sender inn.
  • Minnepinne skal leverast i resepsjonen på Bergen kulturskole Strømgaten 19. Kan óg sendast pr. post:
    Bergen kulturskole v. Laila Kolve Strømgaten 19, 5015 Bergen (Merk med namn på utøvar + DUFF)

Spørsmål kan de rette til: laila.kolve@bergen.kommune.no55 56 80 10 / 478 66 357

For meir info og inspirasjon, sjå denne filmsnutten.

Her kan du lese meir om De unges festspillforestilling - Grieghallen

Med helsing Prosjektgruppa De Unges Festspilldag