De unges Festspilldag 29. mai

I samarbeid med Festspillene i Bergen har vi gleda av å invitere alle kulturskular i Vestland fylke til open scene under De Unges Festspilldag onsdag 29. mai, kl 10-14 på Torgallmenningen. 

Flagg som henger over i en gate - Klikk for stort bilete

I kulturskulane i Vestland finst mange talent og vi oppmodar alle kulturskular om å sende kandidatar til De Unges Festspilldag.

Her skal vi vise breidd, variasjon og mangfald. For å skape eit spanande og variert program på De Unges Festspilldag ønskjer vi innslag frå fagområda musikk, dans og teater.

Frist påmelding er onsdag 25. mars 2024.

Påmelding

Det er viktig at søkarar held fristen for påmelding slik at deltakarane (også lærarar) kan få tildelt Festspill-deltakarbevis med namn.

Det er viktig at vi får rett tid for lengda på innslaget og for riggetid på scena + tid opp og ned på scena.

I år har vi ikkje høve til å gå utover tidsramma, som er frå kl. 10:00 til 14:00.

Innslaga bør difor vere korte for at flest deltakarar får vere med.

Dersom du treng lang riggetid, ber vi om at du gir oss melding om dette på skjemaet.

Vi oppmodar alle som deltar til å øve på heile innslaget (inn på scene, innslaget, ta imot applaus, ut frå scene) før onsdag 29. mai.

Spørsmål kan rettast til: bjorn.andersen@oygarden.kommune.no, mobil 906 56 836

Med helsing Prosjektgruppa De Unges Festspilldag og De Unges Festspillforestilling