Praktisk informasjon

Opningstid

  • Morgon-SFO er open frå kl. 07.00 til skulestart. Da går alle inn garderobedøra til 1.trinn. Dei som kjem etter kl. 08.15 må være kledd for å være ute til kl. 08.40 for da er alle ute og døra vert låst.
  • Etter skuletid er SFO open for dei med full plass til kl. 16.30. Dei som har redusert plass kan benytte SFO til kl. 15.30.

Henting i SFO

Når barna blir henta av andre enn dei som henter dei til vanlig eller ikkje skal på SFO, ber vi dykk om å gje beskjed om dette på SMS til SFO.

Hugs alltid å gje beskjed til ein tilsett i SFO når du hentar barnet ditt!

Det er viktig at barnet blir henta innan kl. 16.30. Dette gjeld også for dei som har delt plass som da må hente innan kl. 15.30. Ved for sein henting må du betale kr. 250.- pr. påbegynte halvtime.

Dersom du er forsinka må du ringja seinast kl. 16.25.

Kontaktinformasjon til dei ulike trinna

  • 1. trinn: 480 47 636
  • 2. trinn: 971 99 488
  • 3. trinn: 913 48 904
  • 4. trinn: 480 06 651