Vinteren 2022 har vi arbeidd med å lage ein plakat om korleis ein skal sjå igjen i klasserommet at vi er dysleksivenlege og med det kva forventningar føresette kan ha til oss.
På nettsida til Dysleksi Norge kan du lesa meir om dysleksivennlig skole
Vi skal
- Finne styrkar hos alle elevar, og gi dei meistringskjensle.
- Mengdedifferensiere ved behov- tilpasse elevens nivå og arbeidskapasitet fordi skrive- og lesearbeid kan ta lenger tid sjølv med hjelpemiddel.
- Vise respekt for at eleven ikkje vil lese høgt (Elevar skal ikkje lese høgt i klassa om ikkje dei sjølv har meldt seg frivillig til dette).
- Vise respekt for at eleven ikkje vil skrive på tavla eller leie skriving i gruppe.
- Gi tilbod om å sitje langt framme om det er behov for det.
- Godta at eleven spør om igjen.
- Nytte diktering, Lingdys og lydopptak i alt skulearbeid.
- Setje av tid til å integrere bruk av digitale hjelpemiddel, for å skape sjølvstende og ansvar for eiga læring.
- Ha tidleg opplæring av digitale hjelpemiddel i heil klasse.
- Bruke ein dysleksivennleg font (open dyslexic).
- Skape eit klima der det er lov å gjere feil.
- Tilpasse ved kartleggingsprøver, evt. la elevane stå over prøva.
- Legge til rette gloseprøver og øveord for kvar enkelt elev.
- Ha god informasjonsflyt skule-heim.
- Gi opplæringstilbod til foreldre.
- Vere observant på følgjevanskar.
- Vere ærleg ovanfor elevane om kva utfordringar dysleksi inneber.
- Ha dysleksisamlingar for alle elevar med dysleksi på skulen.
- Leggje til rette for at elevar kan bruke alternative måtar å presentere kunnskap på, til dømes lydopptak eller video i staden for å skrive.
- Ha fokus på at funksjonell handskrift må tilpassast kvar enkelt elev
- Gi elevar med dysleksi val mellom handskrift og tastatur.
Her kan du laste ned plakaten som PDF, i dysleksvenleg font:
Her kan du laste ned plakat om Dysleksivenleg skule for Knappskog skule (PDF, 276 kB)