Informasjon og påmelding til leksehjelp

Her kjem det informasjon om når du kan melda eleven din på leksehjelp for skuleåret 2020-2021.

Leksehjelpsordninga på barnetrinnet er ei ordning som vart innført av kunnskapsdepartementet og skal gjelda frå hausten 2010. Leksehjelpsordninga er ikkje undervisning, men er eit frivillig og gratis tilbod til elevar på 1.-4. trinn som ynskjer å gjere leksene før dei går på SFO eller heim. Dei som deltek i ordninga får tilsyn og hjelp av assistent, men ein kan ikkje forvente at elevane får hjelp ein til ein.

Her finn du meir informasjon og påmelding