Vi elskar å lesa bøker

Elise Brekke og Mateo Refsland i 6. klasse på Knappskog skule leitar i bokhyllene på skulebiblioteket.
- Eg likar best «Gutta i trehuset», seier Elise. – Eg les gjerne Clue-bøkene til Jørn Lier Horst, seier Mateo.

Mateo og Elise likar seg godt på biblioteket. - Klikk for stort bileteMateo og Elise likar seg godt på biblioteket.


Då Elise og Mateo gjekk i femteklasse i fjor, deltok dei i dei nasjonale prøvane. No viser resultata tydeleg framgang både i rekning, engelsk og lesing på femte trinn.

Når det gjeld lesing, får elevane spørsmål om innhald og tolking av tekstar dei har lese. Dette året er det også tilrettelagt for dyslektikarar.

- Med desse prøvane får me kanskje litt innblikk i korleis det vil verta på ungdomsskulen. Eg opplevde matteprøvane som dei vanskelegaste. Leseprøvane opplevde eg som middels vanskelege, seier Mateo.

På Knappskog skule vert skulebiblioteket brukt aktivt.

- Vi har bibliotekdagar der vi finn dei bøkene vi ønskjer rå lesa. Dersom vi har eit tema i eitt eller anna fag, kan vi låna ei bok og finna meir informasjon.

- Kva likar du å lesa?

- Eg likar spenning og detektivbøker. Særleg Clue-serien av Jørn Lie Horst er spennande og stimulerer til lesing, seier Mateo.

Mateo Refsdal og Elise Brekke  - Klikk for stort bileteMateo Refsland og Elise Brekke

Elise seier at ved å lesa tekstar, vert fantasien stimulert.

- Det beste er eigentleg å lesa tekstar utan bilete. Då får eg skapt bilete inni meg, og eg får brukt fantasien. Eg likar godt å lesa «Gutta i trehuset" (Andy Griffiths). I desse bøkene byggjer to gutar eit hus i eit høgt tre med over hundre etasjar med mange rom og rare ting, seier Elise.

Både Elise og Mateo har sans for at skuledagen på Knappskog vert starta med Lesekvart.

- Ofte startar vi med å lesa i ei bok eller høyre ei lydbok. Dette har vi halde på med sidan tredje eller fjerde klasse, seier Elise.

Øygarden over gjennomsnittet for barneskulen på nasjonale prøvar

Dei nasjonale prøvane for 2022-2023 viser framgang for dei kommunale skulane i Øygarden både i lesing, rekning og engelsk på femte trinn. Når det gjeld lesing, var gjennomsnittet for dei tre meistringsnivåa (1,2 og 3) 50,3 poeng, medan snittet nasjonalt var 50,1 poeng og i Vestland 49,8 poeng. I mange år har Øygarden lege godt under 50. I 2015-2016 låg det på 47,5 poeng i Øygarden.

I rekning var resultatet i 2022-2023 på 51,4 poeng. Dette resultatet ligg også over gjennomsnittet på landsbasis og i Vestland. I engelsk vart resultatet 51,2 poeng som også er betre enn landsgjennomsnittet og gjennomsnittet i Vestland.

Anne Britt Fanekrog og Marius Sylta - Klikk for stort bileteAnne Britt Fanekrog og Marius Sylta gler seg over gode resultat på dei nasjonale prøvane for 5. trinn.

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, gler seg over denne markerte framgangen for det femte trinnet.

- Det er fint å sjå ein positiv trend over tid. Då ser vi resultata av satsing på mellom anna Språkkommunen Øygarden og samarbeidet kommunen har med Dysleksi Norge. Dette gjev inspirasjon til å arbeida vidare. Eg vil gje uttrykk for ein stor takk til alle dei tilsette i øygardsskulen, seier kommunalsjefen.

Rådgjevar i kommunalsjefområdet Oppvekst, Anne Britt Fanekrog opplyser at dei nasjonale prøvane er omtalt i kvalitetsmeldinga for grunnskulen 2022-2023. Meldinga vert behandla i kommunestyret i november.

-Eg er glad for at det politisk er sett av midlar til skulebibliotek og lærebøker, seier ho.

Språkkommunen Øygarden

I to dagar har pedagogar i kommunale og private barnehagar og skular i Øygarden vore samla til dialogkonferanse på Knappskog skule. Det handlar om Språkkommunen Øygarden. I samarbeid med NTNU Skrivesenteret skal Øygarden kommune laga ein strategiplan for språk, lesing og skriving i barnehage og skule.

Frå venstre; Maria Hole-Forsum (Skrivesenteret), Heidi Sandø (Skrivesenteret), Marius Sylta, Johnny Breivik og Ranveig Lovise Bungum - Klikk for stort bileteFrå venstre; Maria Hole-Forsum (Skrivesenteret), Heidi Sandø (Skrivesenteret), Marius Sylta, Johnny Breivik og Ranveig Lovise Bungum)


Saman med Skrivesenteret og basert på kartleggingar i samband med Kompetanseløftet, skal det satsast på tre område. Det er 1) språkarbeid og språkmiljø i barnehage og skule, 2) fleirspråklege barn og elevar 3) (elevar og barn med) Språkvanskar.

Konstituert avdelingsleiar i PPT og leiar av arbeidsgruppa til Språkkommunen Øygarden, Ranveig Lovise Bungum, seier at nærare 250 barnehage- og skuletilsette deltok på dialogkonferansen onsdag og torsdag.

- Eg er svært takksam for det store oppmøtet og engasjementet på dialogkonferansen. Vi veit det er mykje god kompetanse i barnehage og skule i kommunen vår. Dette ønskjer vi å byggja vidare på samstundes som vi ønskjer å styrkja kompetansen på dei områda barnehage og skule etterlyser kompetanse på. Skrivesenteret er ein god fagleg ressurs i dette arbeidet. Vi ser fram til vidare samarbeid, seier Bungum.

Forsamlinga - Klikk for stort bilete

Kommunedirektør Johnny Breivik deltok på avslutninga av konferansen på torsdag. Han meiner det er viktig å kopla på Skrivesenteret i dette arbeidet. Han viste mellom anna til samfunnsdelen til kommuneplanen som styringsdokument for utvikling av kommunen.

- Eg er trygg på at strategiplanen for språk vil få brei involvering. Det er viktig at vi får eit godt eigarskap til planen og at dette gjev oss noko i kvardagen. Vi gjer dette for barna og ungdomane våre, og eg ser fram til resultatet. Takk til Oppvekst for at de gjer dette! sa kommunedirektøren ved avslutninga av dialogkonferansen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke