Peacetu streetart på skulane i Øygarden

Den siste tida har det dukka opp fargerik street art på skulane i kommunen. Dette er resultat av at graffitikunstnaren Rodrigo Lisboa har jobba saman med elevar for å dekorera veggar både inne og ute. 

Frå Ågotnes skule - Klikk for stort bileteFrå Ågotnes skule

Gjennom prosjektet har elevane fått introduksjon til streetart. Dei har fått læra seg sprayteknikk og prøva seg på frihand og/eller sjablong-graffiti.

Tilbodet har gått til alle barneskulane og ungdomsskulane og har involvert elevar på 5. og 9. trinn. I tillegg har kunstelevar i kulturskulen fått dekorera inngangspartiet.

Rodrigo Lisboa har dekorert mange skular i Øygarden. - Klikk for stort bileteRodrigo Lisboa har dekorert mange skular i Øygarden.

Rodrigo Lisboa er opphavleg frå Brasil, men har budd i Noreg i mange år. Han har lang erfaring med å turnera i heile landet gjennom Den kulturelle skulesekken.

Her er fleire bilete:

Gratiffi på skulane i Øygarden - Klikk for stort bilete

Grafitti på skulane i Øygarden - Klikk for stort bilete

Tekst: Hilde Kristin Egeland
Foto: Hilde Kristin Egeland og Rodrigo Lisboa