Knappskog nye skule 25 år

Sola strålte og flagget til topps fredag den 2. juni: Knappskog nye skule feira 25-årsjubileum!

Knappskog skule i fint solvær og med det norske flagge til topps i flaggstangen. - Klikk for stort bilete

1998 kunne elevane i 5., 6. og 7. klasse flytta opp frå gamleskulen til den nye. Gymsalen stod ferdig i 2008, og siste byggetrinn stod ferdig i 2009.

Alle dei 240 elevane var samla i gymsalen til fellessong, og vart ønskt varmt velkomen av rektor Solfrid Kleiven. Vi  fekk høyra om historia til skulen frå tidlegare rektor Wilhelm Anglevik (intervju på video). Varaordførar Torill Selsvold Nyborg helste frå kommunen. Ho peika på at det var i si tid mykje politisk dragkamp for å få bygd skulen, men no har den stått her flott og stolt gjennom 25 år. Integrering er viktig med eigen innføringsklasse til elevar frå andre land. Skulen er kjempegod på digitalisering og utvikling av digital kompetanse gjennom Digg læring. Ho avslutta med å ønskja Knappskog skule ei lysande framtid.

Jon Erik Egeland (assisterande kommunalsjef for oppvekst) hadde med gåve til skulen: 3 fotballar og ein basketball. Leiar og nestleiar i elevrådet tok i mot dei.

Johnny Breivik (kommunedirektør) klipte snora og opna offisielt Gledingsveggen. Hensikta med å vera ein gledingskule er å auka tryggleik og forståing for kvarandre.

Songen står sterkt på skulen. Alle elvane song flott med i bursdagssongen, Vi-songen og «Male himmelen blå». 3. klasse var på scena og song «Oldefar» av Johannes Kleppevik.

Rektor Solfrid fortalte at det vart samla inn 24.300 kr. i samband med Stafett for livet på skulen fredag den 26.mai til inntekt for barnekreftforeninga, og skulle stille med eige lag på Stafett for livet på Askøy i helga.

Etter fellessongen var det kake til gjestar i allrommet og til alle elevane i klasseromma.

Biletgalleri

25-årsjubileum på Knappskog nye skule. - Klikk for stort bilete

Foto og tekst: Kjell Andersland