
Satsinga «Helsefremmande skule» bygger på Nasjonale anbefalingar for fysisk aktivitet for barn og unge (1), Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen (2), læreplanverket med tverrfaglege emne og kompetansemål (3), Nasjonal fagleg retningslinje for helsestasjon- og skulehelsetenesta (4) og Nasjonale faglege råd om lokale folkehelsetiltak (5).
Føremålet med «Helsefremmande skule» er å fremme gode levevanar som verkar positivt på helse, trivsel, utvikling og læring hos elevane. Satsinga skal gi auka kompetanse hos elevar, føresette og tilsette ved skulen på samanhengen mellom fysisk aktivitet, smart mat og helse.
For å kunne kalle seg ein «Helsefremmande skule» skal følgjande kriteria vere oppfylt:
- Helsefremmande arbeid er forankra i skulen
- Alle elevar er fysisk aktive minst 60 minutt i løpet av skuledagen
- Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen blir følgt
- Skulen og skulehelsetenesta samarbeider om helsefremmande arbeid
- Skulen har gode rutinar for samarbeid med, og medverknad frå, elevar og føresette
I løpet av skuleåret vil skulen gjennomføre ein tiltakspakke som mellom anna består av:
- Fokusveke: «Smart mat i sekken» og «Aktive skulebarn»
- Brosjyre: «Smart mat for skulebarn» og «Aktive skulebarn»
- Anbefalingar for smart mat i skule og SFO
- Tiltak for at barna skal vere fysisk aktive i minst 60 minutt i løpet av skuledagen
- Gode tips på vekeplanen om smart mat og fysisk aktivitet frå «Ava og Orberto», maskotane til «Helsefremmande skule»
Ressursgruppe for Helsefremmande skule
Helsefremmande skule er utarbeidd i Øygarden kommune ved hjelp av prosjektmidlar frå Helsedirektoratet. Utviklinga har vore eit samarbeid mellom skule, skulehelsetenesta, Friskliv og meistring og fysioterapeutar i Øygarden kommune. Prosjektgruppa starta opp i 2021 og er frå 2024 ei ressursgruppe som gir støtte til skulane.
Ressursgruppa for Helsefremmande skule består av: ernæringsrådgjevar/koordinator i Friskliv og meistring, helsesjukepleiar i skulehelsetenesta og to fysioterapeutar. Gruppa har mellom anna utarbeidd ein rettleiar, fagleg undervisningsmateriell, brosjyrar og informasjonsmateriell som blir tilgjengeleg for dei barneskular som vil verta ein «Helsefremmande skule». Det er skulane som skal drive arbeidet på sin skule, medan ressursgruppa har ein støttefunksjon inn mot skulane.
Skulane vel sjølv om dei vil vere ein Helsefremmande skule og kan melde si interesse til ressursgruppa:
helsefremmandeskule@oygarden.kommune.no.
Stadig fleire barneskular i kommunen ønskjer å vere ein Helsefremmande skule. Målet til ressursgruppa er at alle barneskuler tek del i satsinga.
Kjelder
(1) Helsedirektoratet (2022). Nasjonale faglige råd om fysisk aktivitet i forebygging og behandling
(2) Helsedirektoratet (2015). Nasjonal faglig retningslinje for mat og måltider i skolen
(3) Utdanningsdirektoratet (2024): Læreplanverket: Læreplanverket
(4) Helsedirektoratet (2017). Nasjonal faglig retningslinje for det helsefremmende og forebyggende arbeidet i helsestasjon, skolehelsetjeneste og helsestasjon for ungdom
(5) Helsedirektoratet (2016). Nasjonale faglige råd for lokale folkehelsetiltak – veiviser for kommunen