Mellomtrinnet brukar Chromebook og Microsoft Surface – vi har valt å halde fram med O365 og ikkje gå over på G-suite.
6. trinn har matblogg: Digg Næring. Du kan og følgje dei på instagram
Vi har også YouTube-kanal – Digg Læring
Viktige verktøy på mellomtrinnet
(i tillegg brukar vi dei forskjellege forlaga og læreverka sine nettoppgåver)
- OneNote – Lærebok og kladdebok. Blir brukt både som lærings- og delingsplattform. Viktig element i det papirlause klasserommet
- Teams – Samarbeidsramma rundt OneNote med samtale og oppgåvefunksjon
- Creaza – kreativt verktøy med teiknesere, film- og lydredigering, tankekart og muligheit for å gjere om tankekartet til presentasjon. Det ligg mange ferdiglaga oppgåver i Creaza, men ein kan også lage sjølv. Elevane hentar informasjon frå andre plassar for å presentere i Creaza.
- Salaby/ Kanal S – digitale læringsressursar i dei fleste fag
- Kahoot – brukt til å hente inn førehandskunnskap og kartleggje etterkunnskap. Kan lage eller finne quizar innanfor alle tema
- Quizlet – program for ordinnlæring. Blir brukt både i engelsk og norsk. Bra for å lære bøying, omgrep og gloser
- O365 – Word, PowerPoint, Excel, Forms, Sway
- Flipgrid – Munnleg respons på spørsmål. Elevane lagar små videosnuttar som svar på oppgåver.
- IntoWords – eit digitalt verktøy som gjer det lettare å lese og skrive og lære. Verktøyet gir lese- og skrvestøtte i skya og på tvers av plattformer
Matte:
- Multi Smart Øving – adaptivt verktøy i matte. Verktøyet avdekkar kva førehandskunnskap som manglar, og sender elevane tilbake til den.
- Kikora – digital matematikk. Elevane vel sjølv nivå dei vil jobbe på. Engasjerande mattemaraton i mai.
- Campus Inkrement – omvendt undervisning i matte. Radiusverket som videoforelesing og med kontrollspørsmål undervegs
- M+ – ein nettbasert app for å lage eigne oppgåver i matte.
Koding:
Du kan lese meir om kodesatsinga vår her
DENNE SIDA ER UNDER UTVIKLING!
Sist endra 23.09.2021 15.23