NKUL 2021

5. -7.mai blir NKUL arrangert. I år som i fjor blir det eit digitalt arrangement. Også i år med innlegg frå Knappskog.

Dialog mellom Knappskog skule og Grinde skule i Tysvær kommune - Klikk for stort bilete

Øyvind Opheim Rise har i år gått saman med Espen Clausen frå Tysvær (han som har laga kodeplanen som vi har basert vår på).  Dei to skal ha eit innlegg om Skaparverkstad, og kor lite utstyr som skal til for å kome igang. I dette innlegget får ein praktiske og konkrete tips om korleis kome i gang med koding på eigen skule.

Innlegget til Øyvind er torsdag 6.mai kl 13.20. Påmelding og fullt program på https://www.nkul.no/

I tillegg skal Ingvild Vikingsen Skogestad ha to innlegg. Eit på onsdag kl 11 om Årsplanarbeid og inkluderande undervisning og eit torsdag kl 15.10 om det digitale potensialet i matematikk.