Lego League

Dei siste vekene har det gått mykje i legobygging på 3.trinn. I morgon skal to lag frå klassa delta i Lego League explore på VilVite.

3.trinn på Knappskog skule er kvart år med på Lego League Explore. Oppdraget i år har fått namnet Masterpiece. Under arbeidet med MASTERPIECE℠ har elevane utforska korleis
menneske deler hobbyane og interessene sine på kreative og spanande måter. Dei har lært om ulike stadar der folk deler talenta sine eller går for å sjå eit show.

Laurdag 11.11 er det turneringsdag på Vilvite. Der skal elevane vise andre kva dei har jobba med og kva dei har funne ut dei siste vekene.

Ein kan lese meir om Lego League her

 

Vi ønsker 3.trinn lykke til på turnering!