Lego League Explore 2022

Denne helga er det klart for årets turnering i Lego league. Som tradisjonen på Knappskog er, så er det 3.tinn som deltar i Lego League Explore.

Lag i Lego League Explore - Klikk for stort bilete

Årets tema i FIRST® LEGO® League er SUPERPOWERED℠!. I arbeidet med temaet har elevane på 3.trinn forska på kor vi får energi frå og korleis vi brukar energien. Dei har fokusert på å lage ei betre energireise for samfunnet vårt.

Utfordringa i årets oppdrag har vore å prøve å løyse problema ingen vaksne enda har løyst.

Heile 3.trinn har vore involvert i arbeidet. No på slutten har ein trekt ut elevar til to lag som skal få lov å vise kva klassa har funne ut på VilVite laurdag 12.11. 

Bilete av elevar i Lega Leauge Explore - Klikk for stort bilete

Vi ønsker elevane lykke til med turneringa!

7. trinn har også jobba med årets oppdrag i Lego League Challenge, men dei stiller ikkje i turnering. 

Les meir om Lego League på heimesida til Hjernekraft.

Lego League Explore 2022 - Klikk for stort bilete
Lego League Explore 2022 - Klikk for stort bilete
Lego League Explore 2022 - Klikk for stort bilete
Lego League Explore 2022 - Klikk for stort bilete
Lego League Explore 2022 - Klikk for stort bilete