Kodetimen 2020

I veke 50(2020) blir den internasjonale kodetimen arrangert. På Knappskog har vi vore med på denne for femte gong i år.

Dei siste åra har vi har koding på timeplanen på alle trinn, så ein kodetime i desember er ikkje så spesielt. Vi vel likevel å vere med for å markere kor viktig vi synast det er at elevane får lære koding. Ved å vere med på eit slikt internasjonalt arrangement får ein også fellesskapskjensla over å vere med på noko saman med andre elevar. I samband med kodetimen blir det lagt ut nye oppgåver vi kan arbeide med, og det er jo alltid kjekt. Her kjem ei lita oversikt over kva dei ulike trinna har jobba med denne veka. Meir informasjon om kodetimen finn ein her.

1. trinn:

​​​​​​​1. trinn har koda med Beebot og bluebot - Klikk for stort bilete​​​​​​​1. trinn har koda med Beebot og bluebot

2. trinn:

2.trinn har i har koda med Sphero ball i årets kodetime. Teddy og Teddyline fekk vere med som kjegler, og så førte dei ballen rundt kjeglene. Dei som venta på tur, koda på code.org - Klikk for stort bilete2.trinn har i har koda med Sphero ball i årets kodetime. Teddy og Teddyline fekk vere med som kjegler, og så førte dei ballen rundt kjeglene. Dei som venta på tur, koda på code.org

3. trinn:

3.trinn har  brukt Scratch i sin kodetime i år. Den eine gjengen hadde sitt første møte med kodestudoet Scratch.mit.edu så dei brukte tida til å utforske moglegheitene her. Den andre gjengen brukte Kodeklubben sitt julekortopplegg for å lage animerte julekort - Klikk for stort bilete3.trinn har  brukt Scratch i sin kodetime i år. Den eine gjengen hadde sitt første møte med kodestudoet Scratch.mit.edu så dei brukte tida til å utforske moglegheitene her. Den andre gjengen brukte Kodeklubben sitt julekortopplegg for å lage animerte julekort

4. trinn:

4.trinn har gjennomført kodetimen sin i Scratch (scratch.mit.edu). I tillegg til å kode i Scratch har dei også prøvd å lage lydklipp som kunne passe til. Mange fine Scratchoppgåver på oppgåvesida til Lær kidsa koding: https://oppgaver.kidsakoder.no/scratch - Klikk for stort bilete4.trinn har gjennomført kodetimen sin i Scratch (scratch.mit.edu). I tillegg til å kode i Scratch har dei også prøvd å lage lydklipp som kunne passe til. Mange fine Scratchoppgåver på oppgåvesida til Lær kidsa koding: https://oppgaver.kidsakoder.no/scratch

5. trinn:

5.trinn har arbeidet på scratch hvor en elev har laget et flappy bird spill. De brukte Makey Makey til å styre fuglen med to mandariner for å se hvem som kom lengst i klassen. I tillegg har de arbeidet på Minecraft Edu, kodetimen. - Klikk for stort bilete5.trinn har arbeidet på scratch hvor en elev har laget et flappy bird spill. De brukte Makey Makey til å styre fuglen med to mandariner for å se hvem som kom lengst i klassen. I tillegg har de arbeidet på Minecraft Edu, kodetimen.

6. trinn:

Elevane på 6.trinn koda klassisk labyrint og dansefest på kodetimen. Dei jobba saman for å løyse oppdraga. - Klikk for stort bileteElevane på 6.trinn koda klassisk labyrint og dansefest på kodetimen. Dei jobba saman for å løyse oppdraga.

7. trinn:

7.trinn har i år gjennomført kodetimen i Minecraft. Elevar som var ferdig med årets opplegg testa då ut fjorårets opplegg. Her er årets opplegg: https://education.minecraft.net/hour-of-code-2020 Etter å ha brukt/brukar Minecraft i undervisning er det kjekt å løfte det eit hakk opp og kombinere det med koding. - Klikk for stort bilete7.trinn har i år gjennomført kodetimen i Minecraft. Elevar som var ferdig med årets opplegg testa då ut fjorårets opplegg. Her er årets opplegg: https://education.minecraft.net/hour-of-code-2020 Etter å ha brukt/brukar Minecraft i undervisning er det kjekt å løfte det eit hakk opp og kombinere det med koding.