Handlingsplan mot mobbing (ZERO)

Bjorøy skule føl antimobbeprogrammet ZERO – nulltoleranse mot mobbing! 

Bjorøy skule skal vera ein skule som er prega av tryggleik og trivnad. Arbeidet skal vera førebyggjande og ein skal vera tydelege på at vi ikkje godtek mobbing ved skulen vår. Skulen det er oss: Elevar, lærarar, assistentar, sfo- leiar, barne - og ungdomsarbeidarar, reinhaldarar, vaktmeister, rektor, sekretær og føresette. Det er vi som er skulen og det er alle sitt ansvar at alle har det godt på skulen. Vi må vere nøye med korleis vi snakkar om, med og til kvarandre. Ingen er berre det du ser. Vi må respektere at alle er ulike og handle utifrå det. Gjennom målretta arbeid gjer vi Bjorøy skule til ein god skule, ein trygg stad å vera og ein god stad og læra. Bjorøy skule er ein skule med null toleranse mot mobbing.

Handlingsplanen vår vil ha ei årleg rullering for at vi skal forbetra rutinene våre og bli endå betre til å førebyggje og avdekkje mobbing!

Bjorøy skule føl antimobbeprogrammet ZERO – nulltoleranse mot mobbing!

Bjorøy skule skal vere ein god, trygg og læringsfremjande stad å vera og alle skal bli tekne på alvor og bli sett!

Handlingsplan mot mobbing - Zero (PDF, 2 MB)