Skuleskyss

Retten til skuleskyss gjeld til/frå skuletida/undervisningstida. Retten til skuleskyss gjeld ikkje til/frå leksehjelp eller skolefritidsordning (SFO).

Avstanden mellom skule og heim må overstiga:

  • 2 km for 1. klasse i grunnskolen
  • 4 km for 2. til 10. klasse i grunnskolen
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare veg eller gang- og sykkelsti.

Elevar i grunnskulen som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstanden mellom skule og heim. Les meir på Utdanningsdirektoratet.

Funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skadde eller sjuke kan søkja om særskilt skyss på medisinsk grunnlag. Denne type skyss-søknad krev legeerklæring.

Søk skuleskyss

Sjå fullstendig skyssreglement for grunnskulen.

Søknad om skuleskyss

Kontakt den aktuelle skulen for å få hjelp til å søkja om skuleskyss.