Bytte skule

Det er ikkje fritt skulevalg i Øygarden kommune. Elevar i grunnskulen har rett til å gå på den skulen i skulekrinsen dei høyrer til.

Krav til søkjar

  • Hovudregelen er at eleven skal gå på den skulen som ligg nærast heimen. Dette vert målt etter kortaste veg som er open for allmenn ferdsel.
  • Kommunen kan gje forskrifter til kva for skule dei ulike områda i kommunen soknar til, skulekrinsen.
  • Eleven kan ha rett til plass ved skulen der søsken går dersom bl. anna skulen har kapasitet for det, sjølv om det ikkje er i skulekrinsen ein høyrer til.
  • Kommunen kan senda elevar til ei annan skulekrins dersom kapasitetsomsyn gjer det nødvendig. Det vert teke utgangspunkt i kapasiteten i skulekrinsen på opptakstidspunktet. Elevar som flyttar til skulekrinsen gjennom året, kan difor verta tildelt skuleplass i ein annan skulekrins.
  • Føresette som ønskjer at barn skal gå i ein annan skulekrins, må senda ein skriftleg, grunngjeven søknad til den skulen eleven vil gå på. Søknaden må innehalde namn, fødselsdato og årsak til at ein vil bytte skule.
  • I særskilte saker der ein søker skulebyte med bakgrunn i mobbing, tilrettelegging for spesialundervisning og liknande, vert søknaden handsama av kommunalsjef Oppvekst.   Søknad med bakgrunn i mobbing må innehalde opplysningar om kva som har blitt gjort i saka; kven som har blitt varsla, kva tiltak som sett inn og kven som har vore involvert (rektor, lærar).   

Saksbehandling

  • Kommunen kan gje forskrifter til kva for skule dei ulike områda i kommunen soknar til, skulekrinsen.
  • Søknaden til ein annan skulekrins skal sendast til den skulen du ønskjer at barnet ditt skal gå på. I særskilte saker der ein søker skulebyte med bakgrunn i mobbing, tilrettelegging for spesialundervisning og liknande, skal søknaden sendast til kommunalsjef Oppvekst.

Kva skjer vidare?

  • Rektor ved den skulen det vert søkt til, skal behandla søknaden så snart som mogleg.
  • Rektor skaffar til vege nødvendige opplysningar for å kunna avgjera saka og fattar vedtak.
  • Det er i utangspunkt nærskuleprinsippet som er gjeldande, men søknadar kan bli innnvilga i særskilde tilfelle.  Dersom søknaden ikkje vert innvilga, skal det følgja med ei grunngjeving.
  • Om ein elev søker om å få gå på ei anna skule enn nærskulen, kan kommunen stille som vilkår at foreldra må dekke eventuelle kostnader til skuleskyss. I særskilte tilfelle vil kommunen dekke skuleskyssen. 
  • Dersom eleven har rett til å få dekka skyss til skulen i sin skulekrins, vil skuleskyssen bli dekka dersom byte av skule vert innvilga.

Klage

Dersom søknaden ikkje vert innvilga, kan ein klage på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå du har motteke vedtaket. Klagen skal sendast til skulen som har fatta vedtaket. I klagen skal ein forklare kva ein er misnøgd med og kvifor ein meiner at vedtaket bør endrast.

Dersom skulen opprettheld vedtaket, vert saka sendt til kommunalsjef for Oppvekst. Dersom vedtaket ikkje vert endra, vert ska sendt til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Informasjon om skulebyte for gjesteelevar

Lovar og reglar