Peacetu streetart på skulane i ØygardenDen siste tida har det dukka opp fargerik street art på skulane i kommunen. Dette er resultat av at graffitikunstnaren Rodrigo Lisboa har jobba saman med elevar for å dekorera veggar både inne og ute. Frå Ågotnes skuleGjennom prosjektet har elevane fått introduksjon til streetart. Dei har fått læra seg sprayteknikk og prøva seg på frihand og/eller sjablong-graffiti.Tilbodet har gått til alle barneskulane og ungdomsskulane og har involvert elevar på 5. og 9. trinn. I tillegg har kunstelevar i kulturskulen fått dekorera inngangspartiet.Rodrigo Lisboa har dekorert mange skular i Øygarden.Rodrigo Lisboa er opphavleg frå Brasil, men har budd i Noreg i mange år. Han har lang erfaring med å turnera i heile landet gjennom Den kulturelle skulesekken.Her er fleire bilete: Tekst: Hilde Kristin EgelandFoto: Hilde Kristin Egeland og Rodrigo Lisboa Publisert 05.06.2025 11.21
Peacetu streetart på skulane i Øygarden Den siste tida har det dukka opp fargerik street art på skulane i kommunen. Dette er resultat av at graffitikunstnaren Rodrigo Lisboa har jobba saman ...
Informasjon om hjertestartar Vi har ein hjertestartar like innanfor inngangsdøra til grendarommet, i bakken på veg opp til skulen. Den er i utgangspunktet tilgjengeleg i opningsti...