Nyopning av skulebiblioteket på Ulveset

Det var fest på Ulveset skule på fredag. Elevrådsleiar Thea Nesse (7. klasse) gler seg stort over det fornya biblioteket.
- No har vi fått mange nye bøker, seier Thea.

Både lærarar og elevar håpar det fornya biblioteket skal gje meir leseglede - Klikk for stort bileteBåde lærarar og elevar håpar det fornya biblioteket skal gje meir leseglede.

Skulebiblioteket på Ulveset ligg sentralt til og vil fungera som eit hjarta på skulen. Dagen vart markert med elevinnslag på blåseinstrument, tale ved rektor, snorklipping og servering av sjampanjebrus og kjeks til elevrådet og dei andre elevane som deltok på nyopninga.

- Vi har ommøblert, kasta ein god del bøker og kjøpt inn nye bøker. Dette skal skapa lesarglede. Frå hausten av skal alle klassar ha ein fast time i veka på biblioteket. Vi skal også lysa ut stillingar som elevassistentar. Eg vil senda einsærleg stor takk til Synnøve Hopland og Synnøve Engelsen Eide som har fått dette til. Også andre lærar har vore med og rydda, sa rektor Cecilie Mikkelsen Dahl før elevrådsleiar Thea Nesse kunne klippa av snora.

Ulveset skule hadde forfattarbesøk denne dagen. Ruth Lillegraven las frå si eiga bok.

- eg deler og gongar
plussar og trekkjer frå
les om fjerne kongerike
keisaren og hans nye klede

….

vesle ville hjartet mitt
bustete, skrukket, skite
vil ikkje høyre på meg
gjer berre grimasarom
eg snakkar alvor til det

...

Thea Nesse klipte snora - Klikk for stort bileteThea Nesse klipte snora.

Elevrådsleiar Thea Nesse er glad for at biblioteket har fått eit stort løft.

- Det var ikkje så bra før, litt kjedeleg kanskje. No har vi fått mange nye bøker, og heile biblioteket er blitt meir ope. Eg les ganske mykje bøker, både på norsk og engelsk. Eg likar eventyr, romanar og spenning, seier Thea.

Frå hausten av skal ho gå på Tranevågen ungdomsskule.

- Eg er spent på alt det nye som møter meg der. Det gjeld både folk, lokale og at vi skal få karakterar, seier Thea.

Synnøve Engelsen Eide seier at skulen har god hjelp frå skulebiblioteknettverket leia av Trine Torsvik.

- Vi får vera med på nettverksamlingar og besøkja andre skular for å sjå korleis dei organiserer skulebibliotektenesta. For å få opp leselysta, har vi kjøpt inn nye populære bøker, gjerne seriebøker. Det er viktigare at vi har fleire populære bøker av same type enn at vi har stor breidde. Vi ønskjer eit ope og aktivt bibliotek, seier ho.

Ifølgje Engelsen Eide har biblioteket ein krevjande konkurranse frå mobilar og spel.

- Det er viktig at ikkje minst gutar i ni-ti-årsalderen opplever det spennande å lesa bøker, seier ho.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Ruth Lillegraven - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Rektor Cecilie Mikkelsen Dahl - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Thea Nesse - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete