Barnet treng også at omsorgspersonen er der når det søkjer nærleik og at han eller ho kan fungera som ei trygg hamn («beskytt meg, trøyst meg, vis godleik for meg, organiser kjenslene mine»). Behovet til barnet er at det treng støtte for å utforska, å verta passa på og oppleva å få delt glede, men også å bli ønskt velkomen tilbake, verta verna, trøysta og få organisert kjenslene.
Tryggleiksirkelen viser oss at foreldre/omsorgspersonar har to funksjonar overfor barnet
- Vera ein trygg base som barnet kan våga å bevega seg bort frå utan at barnet vert forlete
- Vera ei sikker hamn som alltid er der for å ta imot når barnet har behov for nærleik/trøyst frå den vaksne.
I COS-lærer dei vaksne korleis dei kan møta dei kjenslemessige behova og korleis hjelpa å verta medvitne til eigne utfordringar i å imøtekoma tilknytingsbehovet til barnet. Tilsette får tilbod om opplæring i COS.