Internasjonalt samarbeid skuleåret 2022-2023

Tranevågen Ungdomsskule har sidan 2013 delteke i fleire europeiske skuleprosjekt via Comenius og Erasmus+. Gjennom desse prosjekta har elevane blitt kjend med ulike kulturar og fått utvikla ein respekt og ein forståing av at vi tross alt ikkje er så forskjellige. Det er blitt knytt sterke band og venskap som vil vare. Tranevågen Ungdomsskule er no ein akkreditert skule i Erasmus+ for perioden 2021-2027.

Jac P Thijsse College - Klikk for stort bileteJac P Thijsse College Vidar Steffensen

Erasmus+ europeiske skuleprosjekt  - Klikk for stort bilete

Skuleåret 2022-23 byr på nye og spennande internasjonale turar og besøk, både for tilsette og elevar ved Tranevågen Ungdomsskule. Hausten 2022 dro 15 lærarar frå skulen vår til Nederland for å besøke to av våre spennande samarbeidsskular i ein by som heiter Castricum, utanfor Amsterdam. Skulane vi samarbeider med heiter Jac P Thijsse College og Supreme College. Desse skulane er spennande på mange felt, mellom anna i høve til djupare læring og undervisning på engelsk. Lærarane her ved Tranevågen har eit internasjonalt fokus, og i løpet av året er det mange ulike digitale prosjekt i klassane som m.a. inneber videmøte mellom klassar og samarbeid om ulike tema.

I valfaget vårt som heiter Internasjonalt Samarbeid, jobbar dei med mange ulike skular rundt i Europa. I februar vert det  arrangert tur til ein annan av samarbeidsskulane som ligg på Mallorca og 14 elevar frå valfaget Internasjonalt samarbeid skal reise i lag med lærarane i valfaget. Elevane får bu hos vertsfamiliar denne veka. Her får dei ta del i kvardagen til ein ordinær familie på Mallorca. Det er ein heilt unik moglegheit til å kome tett på den ekte kulturen i eit anna land. I løpet av veka skal dei samarbeide med skulane frå Mallorca og Kroatia om prosjektet "Linked by the deep blue sea".

I april blir det ein ny runde med internasjonalt besøk for lærarane på Tranevågen. Då reiser personalet til Almeria for å besøke ein samarbeidsskule som heiter The Instituto de Enseñanza Secundaria IES Al Ándalus. Det er ein skule som har tospråkleg opplæring; dei fokuserer på inkludering og mangfald, har ei forsterka avdeling med elevar med ulike behov og driv mykje med programmering. Det er ein skule som har lang erfaring med internasjonalt arbeid.