DEMBRA

Tranevågen ungdomsskule er ein DEMBRA-skule.
DEMBRA: Demokratisk beredskap mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske holdninger.

  • Kva skal skulen gjere for å førebyggje fordommar og gruppehat?
  • Korleis skape eit demokratisk og inkluderande læringsmiljø som vernar mot trakassering?
  • Korleis møte fordomsfulle og hatefulle utsagn?

Dembra - Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme

Dembra tilbyr rettleiing, kurs og nettbaserte ressursar for førebygging av ulike former for gruppefiendskap, som fordommar, framandfrykt og ekstremisme, rasisme, antisemittisme og muslimfiendskap. Kjernen i Dembra er førebygging gjennom å bygga demokratisk kompetanse, med inkludering og deltaking, kritisk tenking og mangfaldskompetanse som sentrale prinsipp.

Tilbodet er retta mot barneskular, ungdomsskular, vidaregåande opplæring og lærarutdanningar i Noreg. 120 skular har deltatt i Dembra og nærare 4000 lærarar har fått opplæring. 72 lærerutdannarar ved 11 lærarutdanningsinstitusjonar har deltatt i Dembra for lærarutdanninga.

Dembras fokus på undervisningspraksis, profesjonskompetanse, planar og skulemiljø støttar skule og lærarutdanning med å verkeleggjera fagfornyelsen og verdiane og prinsippa i læreplanens overordna del.

Når skulen har valt å bli Dembra-skole, blir igangsett ein grundig kartleggingsprosess der både elevar og tilsette får spela inn opplevingane sine av kva som er styrkane og behova til skulen. Med utgangspunkt i desse innspela vel skulen eitt eller fleire satsningsområde.

Innanfor dette satsingsområdet vil personalet over ein periode på halvanna år delta på kurs, prøva ut ulike tiltak og få rettleiing frå Dembra. Mot slutten av perioden vil skulen få trygd til å vidareføra det gode arbeidet etter at satsninga er over.

Gjennom heile prosessen jobbar både elevar og tilsette aktivt med kjerneprinsippa i DEMBRA: inkludering og deltaking, kunnskap og kritisk tenking og mangfaldskompetanse.