Aktive og medverkande elevar

På Tranevågen ungdomsskule skal vi ha aktive og medverkande elevar.

Elevar skal ha ei røst som skal takast på alvor, og det har vi som skule respekt for.

Demokrati og medborgerskap er eit tverrfagleg tema i skulen. Vi stimulerer elevane våre til å bli aktive medborgarar og gjer dei kompetanse til å delta i å vidareutvikle demokratiet i Noreg.

På Tranevågen jobbar vi med DEMBRA, som er demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme. Vi har eit mangfald av elevar på skulen frå mange ulike land og vi er stolt av dette mangfaldet. 

Vi er ein akkreditert erasmus+ skule som samarbeider med mange skular på kryss og tvers i Europa. Gjennom dette arbeidet vert elevane aktivisert til å bli globale verdsborgarar som ser verdien av å samhandle på tvers av landegrenser.

Skuleåret 2022-2023 startar vi opp med faget "Elevmedverknad". Heile skulen har faget samtidig i 3.time om onsdagane. Dette er ein time kor elevaktivitet står i fokus, og elevane vil jobbe med ulike fokusområde som trinnråd, elevråd, aktivitetsdagar, sosial trening osv.

Elevrådet og trinnrådet er viktig for oss. Alle elevar skal ha moglegheit til å vere aktivt medverkande i skulekvardagen. Dei får kome med forslag til forbetringar og endringar, både inn mot skulemiljø og læringssituasjon, og alle innspel blir tekne på alvor. Vi har som mål at elevane skal sjå at dei kan vere med og bestemme ting som betyr noko for deira eigen skulekvardag.

Elevane er våre beste ambassadørar, og vi ønskjer å ta best mogleg vare på dei medan dei er hos oss. Da må vi også høyre kva dei har å seie til oss!