Om oss

Tranevågen ungdomsskule ligg på Ågotnes i Øygarden kommune. Skulen opna hausten 2010. Skulen er ein baseskule med ulike romløysningar. Kvart trinn har eigen base og eigen avdelingsleiar. For tida har skulen 410 elevar og eit personale på 60. 

Skulen har ei innføringsgruppe med elevar frå fleire ulike land som nyleg er kome til Noreg. Vi har ei forsterka avdeling for elevar som treng ekstra tilrettelegging. Tranevågen er og ein praksisskule som kvart år får studentar frå UiB.

Tranevågen har ei lang historie med internasjonalt arbeid, og vi er stolte av å vere ein av få ungdomsskular i Noreg som er akkreditert som erasmus+-skule fram til 2027.

Tranevågen ungdomsskule - Klikk for stort bilete

Dagsplan

Dagsplan
Dag Start Slutt
Måndag 09.25 14.15
Tysdag 08.15 13.05
Onsdag 08.15 14.15
Torsdag 08.15 14.15
Fredag 08.15 14.15

Oversikt over bussruter til og frå skulen

Rektor

Rune Golf  55 09 63 02

Avdelingsleiar 8.trinn

Vidar Steffensen 55 09 63 06

Avdelingsleiar 9.trinn

Martha Helen Listou 55 09 63 07

Avdelingsleiar 10.trinn

Kjersti Hatletun 55 09 63 08

Rådgjevar

  • Spes.ped.rådgjevar: Herdis Reksten 55 09 63 01
  • Sos.ped.rådgjevar: Evy Gjengedal 55 09 63 01
  • Migrasjonsrådgjevar: May Gunn Heimark 55 09 63 05

Rådgjevar for yrkesval og søknad vidaregåande skule

  • Ingrid Larsen 55 09 63 05

Lenke for ungdommar om utdannings- og yrkesval:

Gratisprinsippet

Kantine

Her på Tranevågen ungdomsskule har vi ei flott kantine som er open i storefri tysdag, onsdag og torsdag. Det er elevane på Arbeidslivsfag som har ansvaret for å lage og selje mat i kantina. 

I kantina kan elevane handla sunn mat som yoghurt, rundstykke med pålegg, juice og nokre dagar varm mat.

For å handle i kantina treng elevane eit kantinekort. Dette kan ein kjøpe  for 200,- eller 400,- på Vipps #131498 Tranevågen ungdomsskule. Send skjermdump med kontrollbilete som viser beløp og dato til kontaktlærar på Transponder når de har betalt.

Det er mange elevar som handlar i kantina så det kan vera lurt å ha med matpakke dersom ein vil unngå å stå i kø.

Fotogalleri

Tranevågen ungdomsskule - Klikk for stort bilete
Tranevågen ungdomsskule - Klikk for stort bilete
Tranevågen ungdomsskule - Klikk for stort bilete
Ågotnes stadion - Klikk for stort bilete
Tranevågen ungdomsskule - Klikk for stort bilete