Vertsfamiliar Tranevågen ungdomsskule skuleåret 25-26

  • Veke 49 – 2025: Besøk av 26 ungdommar frå Finland og Tyskland (Nordplus-prosjekt)
  • Veke 18 – 2026: Besøk av 20 elevar frå Italia og Kroatia (Erasmus+-prosjekt)

Informasjon om Erasmus+ og behov for vertsfamiliar skuleåret 25–26

Tranevågen ungdomsskule er ein Erasmus+-skule, og internasjonalt samarbeid er ein viktig del av skulen sitt pedagogiske arbeid. Gjennom året deltek både elevar og tilsette i ulike mobilitetar og prosjekt saman med skular frå fleire europeiske land. For å kunne gjennomføre desse prosjekta er vi heilt avhengige av å finne nok vertsfamiliar når desse skulane kjem på besøk til oss. Det er snakk om å ta imot 1 eller 2 ungdommar i ungdomsskulealder.

 

  • Veke 49 – 2025: Besøk av 26 ungdommar frå Finland og Tyskland (Nordplus-prosjekt)
  • Veke 18 – 2026: Besøk av 20 elevar frå Italia og Kroatia (Erasmus+-prosjekt)
  •  

Å vere vertsfamilie inneber å gi ungdommane innblikk i vanleg norsk familieliv.  De treng ikkje tilgang til eit eiga rom, men ein madrass å sove på. De treng ikkje å legge opp til kostbare turar eller omfattande opplegg. Elevane får vere med på opplegg i skuletida, og om ettermiddag/kveld, skal dei delta i vanleg familieliv. Dei kan vere med på fotballtrening, korpsøving, besøk til besteforeldre og liknande. Dei skal få ete måltid saman med vertsfamilien og de må sørge for at dei har med matpakke på skulen. Skulen ordnar med busskort, men det kan vere aktuelt at de hjelper med å hente og bringe dei til flyplassen. 

Behovet for vertsfamiliar har vore tema på foreldremøta denne hausten, og det vil òg bli ei eiga sak i samarbeidsutvalet (SU) i løpet av hausten.

Vi håpar på god oppslutning og engasjement frå føresette og lokalmiljøet – dette er med på å styrke det internasjonale arbeidet vårt ved Tranevågen ungdomsskule.
 

Vi set stor pris på om du kan svare innan 26. september 2025.

👉 Svar i skjemaet her: forms.office.com/e/qhuk4dU5tH

Svarfrist: 26.september 2025

De kan sende spørsmål rundt det å vere vertsfamilie til: 
Vidar Steffensen - Avdelingsleiar/internasjonal koordinator: vidar.steffensen@oygarden.kommune.no; Tlf: 95219743; Vigilo: Vidar Steffensen