Kommunepsykologane for barn og unge inviterer til haustens drop-in-kurs

Kommunepsykologane for barn og unge inviterer foreldre og tilsette som arbeider med barn og unge til to opne og gratis kurs ved Straume bibliotek denne hausten. Kursa tek opp viktige tema knytte til engstelse, sterke kjensler og korleis vaksne kan støtte barn og unge i kvardagen.

Hei!

Kommunepsykologane for barn og unge ønskjer å invitere til haustens drop-in-kurs. Kursa er for foreldre og tilsette som arbeider med barn i alle aldrar. Det er inga påmelding eller kostnad. Kursa er uavhengige av kvarandre, og ein kan delta på eitt eller begge etter eige ønske.

«Korleis støtte engstelege barn og unge?»
Tid: Måndag 23. november kl. 13.30–15.00
Stad: Straume bibliotek

«Barn og sterke kjensler – dei vaksne si rolle»
Tid: Onsdag 2. desember kl. 13.30–15.00
Stad: Straume bibliotek

Sjå vedlagde plakatar for meir detaljert informasjon.


Med helsing
Familiehjelpa
Øygarden kommune

Plakat - sterke følelser dropin 2 .12.26.pdf (PDF, 422 kB)

Plakat Engstelege barn 23.11.26.pdf (PDF, 680 kB)