Toftøy skule ynskjer alle elevar og føresette velkomen til nytt skuleår

Oppstart for alle klasser på nedre skuleplass torsdag 18. august kl 8:30.

Bilete er frå filmen 4. klasse i fjor laga om bærekraftmål. Noko nytt skjer også i år - Klikk for stort bileteBilete er frå filmen 4. klasse i fjor laga om bærekraftmål. Noko nytt skjer også i år

I tillegg til å fortsatt ha  fokus på godt inkluderande skulemiljø gjennom vidareføring av Læringsmiljøprosjektet (UDIR), vil vi i år prøve ut «Bibliotek-kafe» ein gong i veka frå kl  7: 50 – 8: 20 Dette er eit tilbod tenkt mot 4.- 7. klasse der ein kan møte opp på skulen for å  ha stille lesestund og noko å ete. Ein må vera påmeldt for å kunne delta på dette.

Det vert som tidlegare «fri innmarsj» til klasserom frå kl 8:20 – 8:30

Toftøy skule  vil også prøve ut symjing i kaldt vatn ved bruk av ekstra tilpassa våtdrakter tidleg på hausten og til våren, slik dei har gjort på Tjeldstø skule  dei to siste skuleåra. Foto NRK/ UDIR - Klikk for stort bileteToftøy skule  vil også prøve ut symjing i kaldt vatn ved bruk av ekstra tilpassa våtdrakter tidleg på hausten og til våren, slik dei har gjort på Tjeldstø skule  dei to siste skuleåra. Foto NRK/ UDIR


Arne P Solberg / Elisabeth Strandtun