Strengare smitteverntiltak i vår region Øygarden

Regjeringa har vedtatt forskrifter for Bergen og omegn  kapittel 5b i covid 19 - forskrifta. 

Det er likevel fortsatt slik at skulen held seg til det som er kalla gult nivå.

Kommunalsjef for skule i Øygarden  har varsla alle skulane at det brått kan verte aktuelt å innføre raudt nivå. Dersom dette skjer, ( raudt nivå) utan at vi direkte har nokon smitta på vår skule, vil endringa vera at skulen/ klassane skal skiljast i mindre grupper / kohorter  og ikkje nødvendigvis ha heimeundervisning.

Mange ting kjem brått, mellom anna har 7. klasse nå fått varsel at dei ikkje får reise på den planlagde leirskuleveka  før påske.

For å vera budd på evt. brå endringar, gjer vi nokre flyttingar av klasser slik at det vert meir rom / plass for alle både tilsette og elevar. 4, 5. og 7. klasse vert i løpet av veka flytta til klasserom i gamlebygget på Toftøy. Dette er ikkje ei endring til raudt nivå, då heile klassen framleis er samla.