OGSÅ I ÅR VERT DET EI ANNLEIS 17.MAI

Vi feirer 17. mai for barna den 12. mai. Heile arrangementet skjer i skuletida. 

På Toftøy skule ynskjer vi at alle elevar skal få oppleve ein tilnærma vanleg feiring av nasjonaldagen. Vi gjennomførar dette i skuletida på onsdag den 12. mai.

Det er lov til å ha på seg litt finare klede denne dagen og å ta med seg 17. mai flagg. På skulen startar feiringa av dagen ute kl 8: 45 med fanfare, salutt og tromming. Deretter held 7. klasse 17. maitale. Vi går så i 17. mai tog puljevis ca kl 9:15 i traseen «Skulebrekka alle» opp mot barnehagen og ned igjen. Vi har og med oss eit eige digitalt 17. maikorps som spelar 17. mai songane som vi har øva på. Og sjølvsagt har og klassane øva på sitt eige klasse17. mai rop. Premiar til beste klasse.

Les meir på infoside frå skulen  https://drive.google.com/file/d/16cARued3TQVWsxgjloKRtw2GNgZ3NdxZ/view?usp=sharing  

Frå FAU

https://drive.google.com/file/d/1jL5ugBkbhubEtrthIHSK8bxxKjvy9k-y/view?usp=sharing