Informasjon om hodelus

Lus smittar først og fremst ved direkte hodekontakt. Smitte kan også skje ved byting av huer, skjerf, kammar o.l Lus kan verken hoppe eller fly, og det er difor ikkje grunn til panikkhandlingar, som t.d. å stengje skulen, halde barna borte frå skulen osv.

For å unngå spreiing, er det likevel viktig at alle som går på skulen vert sjekka med tanke på lus, og at dette kan gjerast samtidig, aller helst same dag som melding om lus kjem. Kamming av vått hår har vist seg å vere den mest effektive måten å påvise hodelus. Bruk finkam, sterkt lys, evt. forstørrelsesglas, og handkle over skuldra. Sjå etter lus både på kammen og på handkleet. Ver ekstra påpasseleg bak øyrene, opp mot issen og bak i nakken.

Dersom de finn lus, må skulen få vite om det, og behandling setjast i gang snarast råd. Alle i familien/nærmiljø må sjekkast.

Behandling

Det er berre dei som får påvist lus eller egg som skal behandlast. Dette har sin årsak i at dei fleste lusemiddel som finst på marknaden i dag (t.d. Lenixsin, Prioderm eller Nix), i stor grad har utvikla resistens og ikkje verkar så godt som dei burde. Lusemiddel som nemd over kan nyttast i behandlinga, men i tillegg er det naudsynt med kamming etter følgjande rettleiing:

Kamminga bør utførast systematisk og grundig ein gong om dagen i minst 8 dagar, og deretter ein gong i veka i 3 veker. Bruk ein vanleg finkam i plast. Vask først håret med vanleg sjampo, legg eit handkle over skuldra og kam håret medan det er vått. Lusa fell dermed på handkleet og er lette å oppdage. Sjå etter små lus og luse-egg mellom tinnane på kammen. Både kam og handkle bør handsamast med varmt vatn, over 60 gradar, eller frysast for å drepe lusa.

Andre tiltak

  • vaske sengklede
  • huer, skjerf o.l kan leggast i fryseboks over natta
  • kam, børstar bør kokast i min 60 gradar

Lus dør hurtig ved frysing (-20 gradar) og ved oppvarming (+ 60 gradar). 

Barn som har fått lusebehandling kan gå på skulen dagen etter.