IKT

Bruk nettet med vett!

Nettvettreglar for barn og unge

  1. Ver mot andre på nettet som du vil at andre skal vera mot deg.
  2. Ver forsiktig med å gi ut opplysningar om deg sjølv.
  3. Snakk med ein vaksen viss du opplever noko ubehageleg på nett.
  4. Ta med ein vaksen eller ein venn om du skal møte nokon du har chatta med.
  5. Tenk deg om før du lastar ned noko frå nettet. Det kan ligga virus og spionprogram saman med filene du lastar ned.
  6. Gi ALDRI ut passordrda dine til nokon.
  7. Spør om lov før du skriv om nokon eller legg ut bilde av andre.
  8. Sjekk alltid kven som har laga informasjonen du finn.

Hugs at alle kan legga ut noko på nett.

Du bestemmer

På nettsida dubestemmer.no finn du informasjon om personvern, nettvett og digital dømmekraft

IKT-avtale

Nettvett

Nettvett.no er ein nettstad kor man finn informasjon, råd og rettleiing om sikrare bruk av internett

Tips mot nettmobbing

Korleis stoppa digital mobbing?

  1. Ikkje svar på meldingar som er meint for å såra deg eller gjera deg opprørt. Det vil sannsynlegvis oppmuntra til meir mobbing.
  2. Behald meldinga; du treng ikkje å lesa den, men behald den som bevis. Er det eit bilde eller ei nettside - ta eit skjermbilde.
  3. Fortel det til nokon du stolar på. Snakk med føresette, venner, ein lærer, ungdomsarbeidar eller ein hjelpetelefon.
  4. Blokkér avsendaren. Du treng ikkje å finna deg i at nokon trakasserer deg – blokkér uønska avsendarar!
  5. Rapporter problem til dei som kan gjera noko med det. Du kan ta kontrollen ved å ikkje finne deg i støtande innhald. Rapportera det til dei som eig nettsida, eller kontakt Konfliktrådet der du bur eller politiet. Episodar som kan vera ulovlege bør rapporterast til KRIPOS.
  6. Respektér deg sjølv og respektér andre.

Kjelde: Medietilsynet