Valfag

Her finn du oversikt og informasjon om valfaga ved Sund ungdomsskule.

Sund ungdomsskule har ein del ulike valfag ein kan velja mellom. På alle trinn kan ein velja fysisk aktivitet og helse, design og redesign og friluftsliv. På åttande kan ein også velja teknologi, medan ein kan velja programmering og utvikling av produkt og tenester på niande og tiande. Medium og kommunikasjon er tilgjengeleg for val på tiande i tillegg.

Fysisk aktivitet og helse

Fysisk aktivitet og helse handlar om å stimulera til bevegelsesglede og interesse for fysisk aktivitet og kosthald som grunnlag for ein helsefremjande livsstil. Varierte fysiske aktivitetar, åleine og saman med andre, skal få elevane til å oppleva meistring. Faget skal gjera elevane kjente med aktivitetea som kan motivera dei til ein fysisk aktiv livsstil, og til å velja eit godt kosthald vidare i livet.

Design og redesign

Design og redesign har fokus på at elevane skal få erfaringar med ulike design- og handverksteknikkar og materialar. Gjennom idéutvikling og praktisk arbeid kan elevane utvikla skaparglede, uthaldenheit, sjølvinnsikt og kritisk tankegang. Når ein utforskar korleis produkt kan skapast, vil elevane også kunna reflektera over miljøutfordringar og overforbruk i samfunnet.

Friluftsliv

Friluftsliv skal hjelpa elevane å utvikla turglede og respekt for naturen og naturressursane. Faget skal gi elevane forståing av mangfaldet i naturen. Elevane skal også få erfaring med å bruka naturen til rekreasjon og aktivitetar, og på den måten skal faget bidra til å fremja fysisk og psykisk helse. Elevane skal også læra å ta vare på seg sjølv og andre i naturen.

Programmering

Programmering handlar om å skapa teknologiske løysingar gjennom praktisk arbeid med å utvikla dataprogram. Faget handlar også om å forstå og utnytta informasjons- og kommunikasjonsteknologi.

Utvikling av produkt og tenester

Utvikling av produkt og tenester handlar om at elevane skal få praktisk erfaring med innovasjon, og at dei skal bli rusta til å møta utfordringer gjennom å driva ei verksemd. På den måten skal elevane erfara korleis dei kan vera ein ressurs i vidare utdanning og arbeidsliv. I tillegg skal faget  bidra til at elevane utviklar kompetanse innanfor bærekraftig innovasjon.

Medium og kommunikasjon

I medium og kommunikasjon skal elevane arbeida med kritisk tenking og refleksjon, med utgangspunkt i praktiske medieproduksjonar. Dei skal utforska, prøva ut og produsera medieprodukt, reflektera over det dei gjer og tenkja kritisk rundt prosess og kommunikasjon. Faget skal gjera elevane medvitne til det som går føre seg i det dagsaktuelle mediebiletet. 

Teknologi 

I teknologi  skal elevane designa og grunngi konsept for teknologiske produkt, dei skal velja og bruka ulike materialar og verktøy i arbeidet med prototypar for teknologiske produkt, dei skal laga prototypar for teknologiske produkt og reflektera over korleis desse kan betrast eller utviklast vidare. I tillegg skal elevane grunngi val av design, materialar, verktøy og framgangsmåtar, og reflektera over kor trygge og berekraftige vala er.