Sund ungdomsskule har ein del ulike valfag ein kan velja mellom. På alle trinn kan ein velja fysisk aktivitet og helse, design og redesign og friluftsliv. Skuleåret 2024 - 2025 skal åttande og niande trinn ha valfag saman. Dette fører til at me får mange ulike tilbod til elevane. Tilboda våre på åttande og niande trinn er fysisk aktivitet og helse, design og redesign, friluftsliv, programmering, teknologi i praksis, internasjonalt samarbeid og UPT.
På tiande trinn kan ein velja mellom fysisk aktivitet og helse, design og redesign, friluftsliv, programmering og UPT.
Fysisk aktivitet og helse:
Passar for deg som likar aktivitetar ute og inne, å prøve nye aktivitetar, å utfordre deg sjølv, vere saman med andre, delta i gruppe-aktivitetar, lære deg samanhengen mellom kosthald og helse, motivere deg sjølv og andre og oppleve glede og meistring.
Utvikling av produkt og tenester:
Passar for deg som tenker kreativt og likar praktisk arbeid. Kanskje likar du å fiksa gamle ting eller laga noko nytt, for så å marknadsføra og selja desse produkta? Du er ikkje redd for å få skit på fingrane, og du er glad i praktiske løysningar. Kanskje bur det ein liten gründer i deg?
Design og redesign:
Passar for deg som likar å vera kreativ, bruke noko gamalt og la det bli nytt, designa eigne bruks-gjenstandar eller kunstprodukt, bruka ulike teknikkar, materiale og verktøy, samarbeida med andre og oppleva glede med å sjå noko bli til.
Friluftsliv:
Likar du å vera i bevegelse og ha det kjekt saman med andre utandørs? Du kjem til å vera mykje ute, gå på kjekke turar, kos rundt bålet med god mat, læra om kart og kompass, læra om korleis vi påverkar naturen og miljøet, og andre uteaktivitetar. For å rekka å ha det kjekt utandørs, kan det hende at vi nokre gongar kjem til å vera lenger enn skuletida. Dette blir i så fall avspasert andre valfagstimar.
Teknologi i praksis:
Passar for deg som er interessert i teknologi og korleis ting fungerer. Du likar å planlegga og framstilla gjenstandar av variert materiale og teknologiske løysingar, og er interessert i teknologi i ulike deler av samfunnet. Her kan du få laga teknologiske løysningar og sjå på desse i praksis. Du likar å sjå på produktet sitt design og funksjon for den som skal bruka det.
Programmering:
Passer for deg som har utforskartrong og liker å arbeida med utvikling av program. Du må ha skaparglede og gjerne like å utvikla løysingar innanfor teknologi. Det blir arbeidd variert med ulike prosjekt i løpet av ein treårsperiode. Ein lærer blokk-koding med ulike program som makecode og scratch kor ein skal programmera micro:bit og bit:bot til å gjere og løyse ulike oppgåver. Ein lærer å programmera spel i program som scratch og makecode arcade. Ein lærer også å laga ein APP, og unyttige og nyttige robotar til å utføra ulike oppgåver vi programmerer dei til.
Internasjonalt samarbeid:
Dette faget passar for deg som liker å møte nye menneske, er nysgjerrig på andre kulturar og er engasjert i samfunnet vi lever i. I dette valfaget arbeider vi mellom anna med tema som menneskerettar, globale utfordringar og samanhengar, samt at vi blir kjende med og skal reflektera over andre lands kulturar og levesett. Dette vil innebera å kommunisera med elevar frå andre land, laga og smaka på ny mat og fortelje andre om ulike ting de lærer. Rettferd, likeverd og respekt er sentrale verdiar i faget. Vi saman samarbeider med partnarskular i andre land og målet er at alle som vil skal få reisa og besøka, samt få besøk av desse skulane i løpet av dei åra ein har valfaget. 8.klassingane reiser i hovudsak ikkje på turar til utlandet, av praktiske årsaker skjer dette på 9. og 10. trinn.