Om oss

Sund ungdomsskule ligg sør i Øygarden kommune. 

Sund ungdomsskule - Klikk for stort bilete

Om skulen

Sund ungdomsskule - med røter i fjæra og retning mot framtida

Sund ungdomsskule er ein offentleg grunnskule som ligg sør i Øygarden kommune, i den delen som som fram til 2020 var Sund kommune. I dag har me 349 elevar fordelt på 14 klassar, og me er rundt 50 tilsette. 

Elevane som går på Sund ungdomsskule kjem frå barneskulene Stranda, Spildepollen og Skogsvåg.

Sund ungdomsskule er ein Mot-skule, og me nyttar både MOT sitt grunnprogram "Robust 12-16" og MOT sitt påbyggingsprogram "Skolen som samfunnsbygger". Skulen er også ein Olweus-skule. Det betyr at me jobbar etter Olweusprogrammet, som er eit tiltaksprogram mot mobbing og antisosial åtferd.

Me som arbeider her, trivst i kvarandre sitt selskap og finn på mykje kjekt saman, både i og utanfor arbeidstida. Kollegiet ved skulen er godt kvalifiserte og har høg kompetanse. Leiinga ved skulen består av rektor og tre avdelingsleiarar, som er ansvarlege for kvart sitt trinn.

Visjonen og slagordet til skulen er “Stolt ung stril - med røter i fjæra og retning mot framtida”. Skulen er opptatt av karakterbygging og identitet. Dette passar godt inn i arbeidet med den nye læreplanen, som skal vera eit verdiløft for skulen: Skulen har eit dobbelt samfunnsoppdrag,- den skal både danna og utdanna. Me jobbar for ei meir praktisk undervisning for elevane våre, der tverrfaglegheit og tid til å gå i djupna på dei ulike emna blir viktig. I tillegg vil me ha fokus på meir elevmedverknad.

Logoen vår designa av Heidi Fjell - Klikk for stort bileteLogoen vår designa av Heidi Fjell, tidlegare elev på Sund ungdomsskule

Fakta

Elevtal: 349
Klassar: 14
Tilsette: 53

Sunn skule

Me på Sund ungdomsskule ønskjer å bli ein sunnare og meir bevisst skule når det gjeld kosthald. Me har dei siste åra sett ei auke hos elevane når det gjeld å ha med seg snop, brus og anna mat me reknar som usunt på skulen. Dette skuldast nok ein del at Spar har opningstid frå kl. 8.00 om morgonen, og fleire elevar nyttar høve til å gå på butikken før skulen byrjar.

Skulen har no stramma inn i høve til kva me meiner elevane skal eta og drikka i skuletida. Det betyr ikkje at me er blitt «matpoliti», men me ønskjer å informera og hjelpa elevane til å velja sunt.  Me håper at de som foreldre vil hjelpa oss i dette arbeidet. 

Kantine

Me har kantine der det vil vera høve til å kjøpa varm mat nokre dagar i veka.

Bibliotek

Sund ungdomsskule har eit flott bibliotek med både skjønnlitteratur og faglitteratur. I tillegg til mange ungdomsbøker har me teikneseriar, biletbøker og mange grafiske romanar, og dei vaksne som er på biblioteket har god kunnskap om litteraturen og er glade for spørsmål frå både elevar og tilsette.

Biblioteket på Sund ungdomsskule - Klikk for stort bilete
Biblioteket på Sund ungdomsskule - Klikk for stort bilete
Biblioteket på Sund ungdomsskule - Klikk for stort bilete