Velkommen til Sol

Vi ønskjer velkomen til avdeling Sol! 

Litt informasjon om oss:

Vi er opptekne av å leggje til rette for positive venskapsrelasjonar mellom barna og lage gode arenaer for leik og læring saman. 

Vi ønskjer å følgje barnas innspel og la dei vere med å bestemme over kvardagen sin. Dette kan til dømes vere å velgje kven dei ønskjer å leike saman med, kva for ein aktivitet dei vil halda på med og at vi vaksne lytter til deira meining om ulike sakar før vi tar avgjerder som vil påverke dei.

Som ei barnehage med opplæring i "Språkøyper" er vi naturleg nok opptekne av å støtte barna i å utvikle eit godt språk. Vi les mykje saman med barna, vi brukar rim og reglar kvar dag, vi syng sanger på ulike språk og nyttar og musikk til språkarbeidet vårt. Gode samtaler meiner vi også høyrer med til ein god kvardag i barnehagen!

Når det er noko vi ser at barna undrar seg over ønskjer vi å bruke "nysgjerrigper-metoden" til å finne svara! Dette vil seie at å stille opne og undrande spørsmål saman med barna er vår tilnærmingsmetode.

Miljø, gjenbruk og berekraft er tema vi skal arbeida med i år.

Vi har godt samarbeid med dei andre avdelingane i barnehagen og barna blir godt kjende med alle på huset etterkvart.

Avdeling Sol - Klikk for stort bilete
Avdeling Sol - Klikk for stort bilete
Avdeling Sol - Klikk for stort bilete
Avdeling Sol - Klikk for stort bilete
Avdeling Sol - Klikk for stort bilete
Bilete på veggen på avdeling Sol - Klikk for stort bilete
Leiker inne på avdelinga - Klikk for stort bilete
Leiker inne på avdelinga - Klikk for stort bilete