
Opplevingar og erfaringar med naturen kan auke borna si vilje til å verne om naturressursar og ønskje om å bevare det biologiske mangfaldet. Vi ønskjer å bidra til at dei utviklar respekt og begynnande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.
Dette er og sentralt i rammeplanen sitt fagområde, mengde, rom og form, der det mellom anna står: «Fagområdet handlar om å oppdage, utforske og skape strukturar og hjelper barna til å til å forstå samanhengar i naturen, samfunnet og universet.»
Barna er involvert i alt arbeidet. Vi har saman med barna kartlagt og funnet område vi kan forbetre i vår kvardag, og vi har laget miljøregler saman. Vi har saman valt område vi skal arbeide med, og kvart år vil vi velge eit nytt tema.
Tiltak i vår barnehage
- Vi har laga kjøkkenhage, planta frukttrær og dyrka grønsaker i drivhuset vårt
- Vi er søppeldektektivar og ryddar søppel. Borna får kjennskap til kva forsøpling gjer med natur og dyreliv.
- Vi tek vare på fuglar ved å ha fuglekassar, lage fuglemat, lager innsektshotell, og har bievenlege planter.
- Vi kjeldesorterar og brukar ressursar på nytt. Gjenvinn og reparerar. Barna skal bli bevisst på at kjeldesortering kan føre til ny energi/ nye råvarar.
Det blir arbeida på ulike måtar. Både i det daglege arbeidet med å kjeldesortere, energibruk, matsvinn o.l. Men og artige innslag i form av drama, lage julelapper av gammelt papir, lage verstasjonar, og kunst av skrot. Og vi har laget Grønt flagg med barna.
Vi gler oss til å ha dette arbeidet i fokus i åra som kjem.