Språkkommunen Øygarden på nasjonal lesekonferanse
I Språkkommunen Øygarden reiste ei gruppe på ti tilsette frå PPR og frå både kommunale og private barnehagar til den nasjonale lesekonferansen i Stavanger. Deltakarane fekk ei lærerik samling som gav viktige innspel til det vidare språkarbeidet i kommunen.
Konferansen tok fram ny forsking om språkutvikling, leseglede og gode lesepraksisar i barnehagen. Ho hadde særleg fokus på arbeid med barn som har fleire språk. Fagfolka viste korleis barnehagane kan styrkja språkarbeidet i kvardagen og skapa inkluderande miljø der alle barn får høve til å utvikla språket sitt.
Vi gratulerer Læringsverkstaden Valen med den nasjonale leseprisen 2026! Barnehagen får prisen for eit grundig og målretta arbeid med høgtlesing, litteratur og godt samarbeid med føresette. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun delte ut prisen under konferansen.
Barnehagen har brukt ein serie på fem bøker av Lars Mæhle og Odd Henning Skyllingstad som utgangspunkt for høgtlesing, samtalar, leik og små mysterium som barna har løyst sjølve.
Vi er stolte av innsatsen – og vi ser fram til vidare samarbeid!
Læringsverkstedet Valen får lesepris
KJersti Solvang Sundal