Bakgrunn og kunnskapsgrunnlag
I både «Samfunnsdelen til kommunedelplanen 2022-2034- Øygarden kommune» og «Plan for Framtidas skule- Øygarden kommune» finn vi følgjande setning:
Gjennom tidleg innsats i barnehage, barne- og ungdomsskule skal vi arbeida for at alle barn og unge i Øygarden er godt rusta til vidare utdanning og arbeidsliv.
Under desse planane og spesielt denne setninga, kviler Språkkommunen Øygarden.
Vidare ligg Språkkommunen Øygarden i det same kunnskapsgrunnlaget som Øygarden kommune sin «Førebyggande plan» gjer, nemleg kunnskapen om risikofaktorar - og kunnskapen om beskyttelsesfaktorar. Tilgang til språk er ein vesentleg beskyttelsefaktor.
Å hjelpe barnet til aldersadekvat fungering kognitivt, språkleg, emosjonelt, sosialt og motorisk, det er ein faktor som vernar barn”. (Korus 2023).
Språkkommunen Øygarden er også ein del av dei tre overordna satsingane for barnehage og skule i Øygarden kommune. Gjennom den statlege tilskotsordninga «System for kompetanse og karriereutvikling» blir det kvar år rapportert på mål, gjennomføring og resultat. Ein føresetnad for denne tilskotsordninga er eit partnarskap med universitet og/eller høgskule (UH). Øygarden kommune har partnarskap med alle dei tre lokale UH, Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Norsk Lærarakademi.
Overordna mål for Språkkommunen Øygarden
Språkarbeidet i barnehage og skule i Øygarden kommune skal vera eit universelt tiltak for å gje alle barn og unge god språkkompetanse slik at ein sikrar likeverd, reduserer skilnader og aukar livsmeistringa.
Målet er at opplæringstilbodet gjennom barnehage og skule skal vera slik at dei unge har kunnskap, kompetanse, mot og verdigheit til å fullføra vidaregåande opplæring.
Tre fokusområde
Vi har tre fokusområde knytt til opplæringstilbodet i språk, lesing og skriving for barn og elevar i Øygarden kommune:
Språkmiljøet i barnehage og skule
Barn og elevar i Øygarden kommune skal møta eit variert, inkluderande og utviklande språk- og læringsmiljø i barnehage og skule med eit kompetent personale som har kunnskap om barns språkutvikling.
Språkvanskar
I Øygarden kommune skal barn og elevar med språkvanskar få hjelp til å uttrykka seg og danna vennskap slik at dei kan ta del i det sosiale fellesskapet og i læringsfellesskapet.
Fleirspråklege barn og elevar
I Øygarden kommune skal fleirspråklege barn og elevar bli møtt av tilsette som gjennom sin kunnskap og kjennskap om språktileigning kan legga til rette for læring gjennom dei ulike delane av barnehage/skuledagen inkludert garderobe, måltid, friminutt og utetid.
Språkkommunen Øygarden i det store biletet og saman med andre
Det vesle barnet skal ein gong bli ungdom og vaksen. Språkkommunen Øygarden ønskjer å legga til rette for at talet på ungdommar som fullfører vidaregåande opplæring aukar i kommunen vår. Fråfall i vidaregåande opplæring kan starte mange år før dei avsluttande åra på vidaregåande skule. Pedagogane sin gjensidige forståing og innsikt i arbeidet som blir gjort i dei ulike delane av opplæringsløpet er viktig. Språkkommunen Øygarden ønskjer å legga til rette for kulturmøte mellom barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.
Dei digitale måtane å møte språk, lesing og skriving på må gå hand i hand med dei analoge måtane. Språkkommunen Øygarden ønsker å styrke kompetansen slik at pedagogane vel dei arbeidsmåtane og verktøya som er rett for barna, elevane og læringa.
Nokre barn og unge har vanskar med å uttrykke seg og forstå verbalt. Å bli forstått, å ha eit språk å uttrykke seg på, er ein menneskerett. Språkkommunen Øygarden vil legga til rette for god kompetanse og kunnskap om kva hjelpemiddel som finnes og korleis best nytte dei til passa inn mot det enkelte barn eller elev.
Saman med historia, kulturen, dialekt og folklore i Øygarden kommune, høyrer det nynorske skriftspråket. Språkkommunen oppmodar til å nytte det nynorske skriftspråket i opplæringa i barnehage og skule. Språkkommunen ønskjer å fremja nynorsk barne- og ungdomslitteratur til glede og inspirasjon for barn og unge.
Språkkommunen Øygarden samarbeider med Skulebiblioteket, Folkebiblioteket, Helsestasjonen og Kulturskulen. Alle desse er aktørar som på ulike områder møter barn og unge og deira foreldre. Språkkommunen Øygarden vil bidra til gode møtepunkt mellom desse og barnehagane og skulane våre.
Kvifor satse slik vi har gjort?
Dei tre satsingsområda som er skildra, bygger på kartlegging gjort i barnehagar og skular i Øygarden kommune hausten 2022. I denne kartlegginga meldte barnehagane og skulane tilbake område dei meinte dei trengte meir kompetanse på. Spesielt satsingsområda «Fleirspråklege barn og elevar» og « Språkvanskar» er eit direkte resultat av kompetansebehov meldt inn i denne kartlegginga.
I arbeidet fram mot den digitale handlingsplanen, som du finn på denne nettsida, har Språkkommunen Øygarden lagt stor vekt på deltaking frå aktørar som har med barn og elevar å gjera. Dette har vore pedagogar og leiing i barnehage og skule, Barne- og familiehjelpa, Helsestasjonen, Barnevernstenesta, Pedagogisk psykologisk ressurssenter, Biblioteket, Mållaget og kommunestyrepolitikarar med ansvar inn mot barn og unge.
Språkkommunen Øygarden har også snakka med barn, elevar og foreldre. Gjennom samtale og intervju har vi fått verdfull innsikt i korleis det å samarbeide og ta i mot hjelp i barnehage og skule. Føresette til to ulike elevar med dysleksi har ulik erfaring med hjelpa dei har fått. Den eine er svært nøgd, den andre ikkje så nøgd. Språkkommunen Øygarden jobbar for å sikre god kompetanse i alle barnehagar og skular, slik at barn og unge får den hjelpa dei treng, uavhengig kva barnehage eller skule dei høyrer til.
Føresett 1
Ho klarar seg greitt, og når ho får bruke digitale hjelpemidlar er det veldig bra. Ho er flink når ho får øvd seg på førehand, men slit med rettskriving. Derfor er det så bra at ho og andre med dysleksi får bruke Lingdys som hjelpemiddel og får lære det før dei skal begynne på ungdomsskulen.
Føresett 2:
Eg meiner at bekymringa mi om at mitt barn hadde dysleksi ikkje vart høyrt av skulen tidleg nok. Eg trur at om ho hadde fått dysleksi-diagnosen tidlegare, så hadde ho ikkje hengt så langt etter som ho gjer i dag. Eg skulle og ønske at eg fekk meir informasjon om diagnosen og kvar vi kan få meir hjelp.