Sommarles.no - Noregs kulaste lesekampanje

Alle som skal byrje i 1. klasse hausten 2025 er og velkomne til å bli med på Sommarles.no

Til føresette
Sommaren er ei fin tid til å lese bøker. Lesing er viktig, og gode leseopplevingar er kanskje endå viktigare. Derfor vil vi invitere dykk til å bli med på Sommarles.no saman med den kommande 1.-klassingen dykkar. Kampanjen oppmuntrar til lesing og bibliotekbesøk gjennom sommaren. Nettsida Sommarles.no opnar 1. juni og kampanjen varer til 31. august. Før 1. juni kan de sjekke altom.sommarles.no for meir informasjon.


All lesing tel! Høgtlesing utviklar leselyst og er ei god investering i språkutviklinga til barnet ditt. På Sommarles.no kan ein registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker).
For kvar bok som blir registrert, får deltakarane XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. Inne på Sommarles.no er det ei spennande forteljing om Asbjørn og Astrid, skriven av Mari Moen Holsve.


Vi håpar at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren! Ta gjerne turen innom biblioteket for å få vite meir.


God sommar!

Gåterullmysteria