Barnehagen er ein del av Rekomp – Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage. Og saman med NLA har dei utforska språk og kommunikasjon og kobla det saman med tidlegare prosjekt om leikemiljø.
Knappskog barnehage fortel dette om prosjektet dei held på med: Vår oppgåve er å hjelpe barn til å finne sin plass i fellesskapet, øve på å bli god å samhandle og leike med andre gjennom språkleg mangfald. For at det skal skje må dei vaksne kommunisere aktivt med barn og stimulere barn til å reflektere, tenke og bruke språket. For eksempel med spill der fokus er på å fremme spesifikke språklege ferdigheiter, dialogisk lesing og ved å legge til rette for rolleleik.
Her kan du sjå døme på korleis dei jobbar med dette i praksis:
Barna vel seg ein legoheltfigur. Saman med ein vaksen er dei regissør. Kva skal historia handla om? Barna kjem med tankar og idear. Dei må lytte og samarbeide for at historia skal bli til. Barna gjekk ut og leikte historia ved å ta foto.
Denne historia handlar om ein superhelt som gjekk på tur, fant eit fjell og ville finne ein skatt. Superhelten ramla og det kom eit steinras. Så kom eit helikopter og superhelten kom på sjukehus. Barna visste det var viktig med ein lykkeleg slutt. Helten blei redda. Saman blei historia laga, barna fekk bruke språk og fantasi. Dei må lytta til kvarandre, venta på tur og samarbeide på høgt plan.
Styrar Nina Turøy fortel at dei jobbar med å heve språkkompetanse også blant dei vaksne. Nina seier: Det er viktig å vere bevisst på korleis vi møter barn, korleis vi responderer på barns åtferd og innspel, korleis vi lyttar til barn, rettleier barn og hjelper dei til å handtere utfordringar. Barn treng å blir språkleg stimulert. Dei treng hjelp og støtte til å regulere følelsane sine og oppleve nærleik, trøyst og beskyttelse. Jo betre språk – jo lettare er det å uttrykke eigne behov. Eg er stolt av Knappskog barnehage, fortel Nina. Vi spelar på lag og tar modige val som er til barns beste. Kvar dag jobbar vi med glød for å skape magiske augneblikk, fortel Nina, kvar dag.
Lego i arbeid med ord, omgrep og historiefortelling i Knappskog barnehage
Lego i arbeid med ord, omgrep og historiefortelling i Knappskog barnehage
Lego i arbeid med ord, omgrep og historie i Knappskog barnehage