Frå venstre; Tina Ø. Holmelid, Tom Georg Indrevik, Nina Hjorth og Anne Sætersdal.Styrar, Anne Sætersdal, fortel at det heile starta for fleire år sidan då barnehagen jobba konkret og konstruktivt i samarbeid med Språkkommunen Øygarden med ressurspakken Språkløyper. Det dei lærte der, har dei brukt vidare i nye prosjekt, fortel Sætersdal.
Tom Georg Indrevik gratulerte Læringsverkstedet Valen. Barnehagen hadde førebudd teaterframsyninga «Gullhår og dei tre bjørnane» og omvising i barnehagen der ordføraren fekk sjå korleis bøkene vart brukte som sansing, oppleving, inspirasjon og læring.
- Det er gledeleg å sjå det gode arbeidet som blir gjort i Læringsverkstedet Valen. Barn som er glade i litteratur, har godt grunnlag for å bli gode lesarar. Gratulerer og lykke til med arbeidet vidare! sa ordføraren.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Ranveig Bungum