Fjell Ungdomsskule i samarbeid med forskar frå UIB
På Fjell ungdomsskule har dei sett munnleg grunnleggande ferdigheit under lupa. Det gjer skulen saman med Universitet i Bergen og forskar Anne Grete Kaldal gjennom Desentralisert ordning for kompetanseutvikling, Dekomp.
Korleis kan vi få ei meir felles forståing av kriterium for munnleg vurdering? Kva legg dei ulike faga vekt på i vurdering av munnleg ferdigheit? Korleis får vi til rettferdig gruppevurdering? Ein elev som presterer godt på eit munnleg framlegg, men samstundes kjem med hatske ytringar i ein klassesamtale- vil det siste ha noko å seie for den endelege munnlege karakteren? Slik spørsmål og fleire til skal lærarane på Fjell ungdomsskule utforske gjennom komande skuleår.
Informasjon om samarbeidsprosjektet til tilsette på Fjell U.png
Sist endra 09.09.2025 20.58