
Helsefremmande skule bygger på Nasjonale anbefalingar for fysisk aktivitet for barn og unge (1), Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen (2), læreplanverket med tverrfaglege emne og kompetansemål (3), Nasjonal fagleg retningslinje for helsestasjon- og skulehelsetenesta (4) og Nasjonale faglege råd om lokale folkehelsetiltak (5).
Føremålet med Helsefremmande skule er å fremje gode levevanar som verkar positivt på helse, trivsel, utvikling og læring hos elevane. Satsinga skal gi auka kompetanse hos elevar, føresette og tilsette ved skulen på samanhengen mellom fysisk aktivitet, smart mat og helse. Helsefremmande skule er avgrensa til tema kosthald og fysisk aktivitet. Avgrensinga er sett for at tiltak skal vere mogleg å gjennomføre for skulane, samt har kosthald og fysisk aktivitet ein naturleg plass i skulekvardagen.
For å kunna kalla seg ein Helsefremmande skule skal følgjande kriteria vera oppfylt:
- Helsefremmande arbeid er forankra i skulen
- Alle elevar er fysisk aktive minst 60 minutt i løpet av skuledagen
- Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen blir følgt
- Skulen gjennomfører fokusvekene «Smart mat i sekken» og «Aktive skulebarn»
- Skulen og skulehelsetenesta samarbeider om helsefremmande arbeid
- Skulen har gode rutinar for samarbeid med, og medverknad frå, elevar og føresette
Som Helsefremmande skule skal ein gjennomføra følgjande tiltakspakke i løpet av skuleåret:
- Fokusvekene «Smart mat i sekken» på hausten og «Aktive skulebarn» på våren
- Utsending av brosjyrane «Smart mat for skulebarn» og «Aktive skulebarn» til føresette
- Skulen har eigne anbefalingar for smart mat i skule og SFO
- Tiltak for at elevane skal vera fysisk aktive i minst 60 minutt i løpet av skuledagen, til dømes:
- Aktivitetspausar i undervising
- Anbefaling om organisert aktivitet i friminutt og SFO for å nå alle elevar
- Gode tips på vekeplanen om smart mat og fysisk aktivitet frå «Ava og Orberto», maskotane til Helsefremmande skule
Orberto og AvaNår skulen har oppfylt kriteria for å bli ein Helsefremmande skule, blir dei feira med ei markering og skiltoppheng. Skiltet blir eit symbol på at skulen har status som Helsefremmande skule.
Sjå nyheitssakene frå Foldnes skule og Spildepollen skule sine skiltmarkeringar:
Ressursgruppe for Helsefremmande skule
Helsefremmande skule er utarbeidd i Øygarden kommune ved hjelp av prosjektmidlar frå Helsedirektoratet. Utviklinga har vore eit samarbeid mellom skule, skulehelsetenesta, Friskliv og meistring og fysioterapeutar i Øygarden kommune. Prosjektgruppa starta opp i 2021 og er frå 2024 ei ressursgruppe som gir støtte til Helsefremmande skular.
Ressursgruppa for Helsefremmande skule består av: ernæringsrådgjevar/koordinator i Friskliv og meistring, helsesjukepleiar i skulehelsetenesta og to fysioterapeutar. Gruppa har mellom anna utarbeidd ein rettleiar, fagleg undervisningsmateriell, brosjyrar og informasjonsmateriell som blir tilgjengeleg for dei barneskular som vil bli ein Helsefremmande skule. Det er skulane som skal drive arbeidet på sin skule, medan ressursgruppa har ein støttefunksjon inn mot skulane.
Stadig fleire barneskular i kommunen ønskjer å vera ein Helsefremmande skule. Målet til ressursgruppa er at alle barneskuler tek del i satsinga. Skulane som ønskjer å bli ein Helsefremmande skule kan melde si interesse til ressursgruppa: helsefremmandeskule@oygarden.kommune.no.
Kjelder
(1) Helsedirektoratet (2022). Nasjonale faglige råd om fysisk aktivitet i forebygging og behandling
(2) Helsedirektoratet (2015). Nasjonal faglig retningslinje for mat og måltider i skolen
(3) Utdanningsdirektoratet (2024): Læreplanverket: Læreplanverket
(4) Helsedirektoratet (2017). Nasjonal faglig retningslinje for det helsefremmende og forebyggende arbeidet i helsestasjon, skolehelsetjeneste og helsestasjon for ungdom
(5) Helsedirektoratet (2016). Nasjonale faglige råd for lokale folkehelsetiltak – veiviser for kommunen