Liam Syljeset Sjursen og Eiril Blomvågnes-Bakke godt flankert av maskotane Ava og Orberto.Det var elevrådet som fekk æra av å ta imot skiltet om at Spildepollen skule er helsefremmande skule. Men først måtte alle elevane gå turløypa rundt skulen saman med lærarar, leiar av levekårsutvalet Ernst Einarsen og ressursgruppa for helsefremmande skule.
Spildepollen skule er den andre skulen i Øygarden som får denne statusen. Først ut var Foldnes skule. Vi snakkar med Liam og Eiril om kosthald og fysisk aktivitet.
- Kva har de på nista dykkar?
- Eg har brødskiver med pålegg som ost, skinke og fårepølse. Eg har også med frukt, seier Liam.
- Eg også har skive med skinke, ost og fårepølse. Heime er foreldra opptekne av at vi et nok grønsaker. Eg er ikkje så flink å eta mykje fisk, men foreldra prøver å få meg til å eta meir, seier Eiril.
Alle elevane gjekk turløypa denne dagen.Ressursgruppe
Ressursgruppa er samansett av helsesjukepleiar Ida Hjorteset, fysioterapeut Jana Uhlarova, fysioterapeut Andrine Norevik Hjelmeland og ernæringsrådgjevar/koordinator frå friskliv og meistring Linn Jeanette Waagbø.
Det tar om lag eitt skuleår å arbeida med prosjektet før skulen kan få overrekt skilt og rekna seg som ein helsefremmande skule. Liam og Eiril, som begge er aktiv i Sund handballklubb, opplever dette som positivt.
- Vi har lært at kroppen vert sterk med fysisk aktivitet. Det er ikkje sunt å sitja innandørs framfor skjermen, seier Liam.
- Søt mat gjev mindre energi. Vi kan gjerne oppleva at kroppen får energi raskt ved å eta søtt, men så går det jo raskt ned igjen, seier Eiril.
Det var rektor Linda Selheim som ønskte velkomen til samlinga i personalrommet.
- I dag får vi beviset på at vi er ein helsefremmande skule. Som elevråd tek de imot skiltet på vegner av skulen, sa rektoren til elevrådet som er samansett av elevar frå 2. til 7. trinn.
Det var elevårdet som fekk overrekt skiltet om at Spildepollen skule er ein helsefremmande skule. Til høgre; Ernst Einarsen.Gode vanar
Leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, fortalde om korleis det var med kosthaldet då han gjekk i grunnskulen på 1970-talet.
- Vi åt meir søt mat og hadde ikkje så mykje fokus på dette. Det var meir snakk og Karius og Baktus. Det var meir vanleg med søt nistemat på den tida. Med dette prosjektet får de med dykk gode vanar til seinare i livet, sa han.
Helsesjukepleiar Ida Hjorteset spurde elevane kva smart mat er.
- Det som er godt for kroppen og sunt. Vi bør eta frukt, grønsaker, fisk og grovt brød, svarte elevane.
- Er det smart å eta kake, ville ein elev ha svar på.
- Det er ikkje slik at vi aldri skal eta kake, men kanskje ikkje kvar dag, var svaret.
Maskotane til helsefremmande skule er Ava og Orberto.
Frå venstre; Jana Ohlarova, Linda Selheim, Ernst Einarsen, Ida Hjorteset, Linn Jeanett Waagbø og Andrine Norevik Hjelmeland.Kriterium
Koordinator i Friskliv og meistring, Linn Jeanette Waagbø, seier at Spildepollen skule er den andre skulen som har fått status som helsefremmande skule. Tre andre skular er på veg til å verta helsefremmande skule. Ytterlegare eín skule ønskjer å starta opp ved nyåret.
- Målet til ressursgruppa er at alle barneskulane i kommunen ønskjer å verta ein helsefremmande skule. Alle skulane som vert med på dette får tilgang til materiell som er utarbeidd av ressursgruppa, og at dette vert tilgjengeleg på ein slik måte at det skal vera enkelt for skulane å ta det i bruk. Våre to fokusområde er smart mat og fysisk aktivitet. Vi ønskjer ikkje at elevane skal vera politi overfor dei andre elevane, men heller at vi framsnakkar det positive, seier Waagbø.
For å få status som helsefremmande skule vert det stilt ein del kriterium. Dette er:
- Helsefremmande arbeid er forankra i skulen.
- Alle elevar er fysisk aktive minst 60 minutt i løpet av skuledagen.
- Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen blir følgd.
- Skulen og skulehelsetenesta samarbeider om helsefremmande arbeid.
- Skulen har gode rutinar for samarbeid med, og medverknad frå, elevar og føresette.
Les meir om helsefremjande skule her. (informasjon i sak frå Foldnes skule)
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke