22 nye 1. klassingar

Eit viktig høgdepunkt dei fyrste dagane var å ta imot 22 nye 1. klassingar. Det var ein spent og fin gjeng som møtte opp til sin aller fyrste skuledag, og vi er glade for å ha dei på plass hos oss.

Fellessamling og skulearmbånd
Vi har også hatt ei fin fellessamling for heile skulen for å markere starten på skuleåret.
I samband med oppstarten har elevane fått utdelt skulens armbånd. Desse har tekst henta frå skulesongen vår:
«Vakre draumar gror» og «Me gjer dagen god»
Setningane er ein fin påminning i kvardagen om korleis vi ynskjer å ha det saman på skulen.
Vi tykkjer det har vore ein god start, og ser fram til skuleåret vidare.
