Spennande dag for førsteklassingane

Torsdag var ein stor dag for elevane i Øygarden. Ikkje minst for alle førsteklassingane som hadde sin første skuledag. Ordføraren møtte elevane på Spildepollen skule. Sjå også bilete frå fleire av dei andre skulane.

Første skuledag på Spildepollen skule - Klikk for stort bileteSpendte førsteklassingar på Spildepollen skule.


Rektor Linda Selheim ønskte dei 200 elevane velkomne til Spildepollen.

- Her er 18 førsteklassingar, og i dag har vi fått besøk av sjølvaste ordføraren, sa rektoren før presentasjonen av dei tilsette på dei sju trinna, «lovnadene våre» og at alle song «Me er Spildepollen skule». Songen er produsert av Rune Solberg og Lena Glesnes.

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at alle skulane i kommunen fekk nye elevar denne dagen. 

- Det er flott at de har lært å seia hei og god morgon når de møter kvarandre. Tenk kva forskjell dette gjer når de kvar dag møtest, sa ordføraren.

Kontaktlærar for 1. klasse, Sølvi Toft Bakke, tok med seg dei 18 nye elevar, foreldra og kollegaer inn på klasserommet. 

- Skal vi ha uteskule? spurde ein av elevane.

- I dag skal vi vera litt ute, men i morgon skal vi vera ganske mykje ute, var svaret frå kontaktlæraren.

Ho lærte dein nye elevane kva det betyr når handa vert lyfta rett opp. 

- Den eine fingeren betyr «lytte øre», den andre betyr stille munn, den tredje at du skal ha auga på vaksne, den fjerde at du skal ha rumpa på stolen og den femte at føtene skal vera ned på golvet, sa kontaktlæraren som understreka at dette var reglar for alle på skulen.

1. klassing ved Spildepollen skule - Klikk for stort bilete

Her kan du sjå bilete frå fleire av dei andre skulane:
 

Spildepollen skule - Klikk for stort bilete
Spildepollen skule - Klikk for stort bilete
Spildepollen skule - Klikk for stort bilete
Spildepollen skule - Klikk for stort bilete
Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Landro skule - Klikk for stort bilete
Landro skule - Klikk for stort bilete
Landro skule - Klikk for stort bilete
Landro skule - Klikk for stort bilete
Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete
Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete
Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete
Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete
Stranda skule - Klikk for stort bilete
Stranda skule - Klikk for stort bilete
Stranda skule - Klikk for stort bilete
Olivia Andrine Lie, Emily Margrethe Tangerud Søreide og Olai Økland Husevåg ved Kolltveit skule - Klikk for stort bilete
Kolltveit skule - Klikk for stort bilete
Kolltveit skule - Klikk for stort bilete
Ulveset skule - Klikk for stort bilete
Ulveset skule - Klikk for stort bilete
Ulveset skule - Klikk for stort bilete