Det var i starten av året at SFO rulla ut det splitter nye karatetilbodet for elevane. Ideen kom frå Symphorien Pombe, som ikkje berre jobbar på SFO, men som også er erfaren instruktør i Fjell karateklubb. Han har teke med seg ekspertisen sin inn i SFO-tida, noko som har skapt stor begeistring blant barna.
Gjennom vinteren og våren har elevane øvd jamnt og trutt på teknikkar, fokus og sjølvdisiplin.
Karate i SFODen store dagen
Måndag 1. juni var det endeleg duka for den store testen: gradering. Nervane var nok litt i høgspenn, men elevane viste fram alt dei hadde lært med glans.
Innsatsen gav full uttelling, og det var stolte SFO-elevar som kunne smykke seg med nye belter etterpå. Graderinga markerer ein flott sluttspurt på eit halvår fylt med treningsglede og meistring.
"Det har vore fantastisk å sjå utviklinga og trena med så flinke elevar," seier ein stolt instruktør, Symphorien Pombe.
Me gratulerer alle dei flinke karateelevane med nytt belte, og rettar ein stor takk til Symphorien som har fått til dette supre tilbodet på SFO!
Karate i SFO