Førskuleaktiviteter våren 2024

Førskuleaktivitetar på Spildepollen skule

Førskuleaktivitetane ved Spildepollen skule består i år av ei eventyrstund og ein førskuledag.

Datoen for eventyrstunda er 2.mai kl. 10.00 til 11.00. Ved dette besøket tenkjer vi at det er barnehagane som fylgjer til skulen. Denne dagen vert det ei kort samling i 1. årssteg sitt læringsareal. Barna kan ta med seg mat og drikke, og vi et lunsj saman med 5. årssteg som er fadderklassen til neste års 1.årssteg.  

 

Dato for førskuledag er torsdag 6. juni kl. 0900 – 1100

Denne dagen ynskjer vi deg og foreldre/føresette velkomen til førskuledag på Spildepollen skule

Denne dagen får du treffe nokon av dei du skal gå i klasse med til hausten. I tillegg vil du møte ein av lærarane dine. Vi skal leike og lære saman, medan foreldre/føresette  snakkar litt med rektor.

Ta med matpakke, då det vert lunsj på skulen. Skulen kjøper inn mjølk til dei som vil ha dette.  

 

Dersom du ikkje kan kome, meld frå på tlf. 56122500 eller på e-post til svein.eide@oygarden.kommune.no

 

Vi gler oss til du kjem !

 

Beste helsing 

 

Svein Yndestad Eide                    

Avdelingsleiar Spildepollen skule